Kaptein
Kaptein har fleire tydingar på norsk:
- Kaptein blir vanlegvis brukt om ein skipsførar, den øvstbefalande offiseren på eit skip. Eit meir uformelt ord for skipsførar er skipper.
- Kaptein blir òg brukt om sjøkaptein, yrkestittel for innehavarar av dekksoffisersertifikat klasse 1.
- Kaptein blir på tilsvarande vis brukt om øvstbefalande piloten om bord i eit fly eller eit romfartøy.
- Kaptein blir brukt om ein lagførar i lagidrett, for eksempel i fotball, handball, bandy eller ishockey.
- Kaptein er ein offisersgrad i hæren og luftforsvaret mellom major og løytnant.
- Orlogskaptein er ei offisersgrad mellom kapteinløytnant og kommandørkaptein i sjøforsvaret.
Offisersgrada kaptein er vanleg i mange språk, men kan ha litt ulik tyding og posisjon i ulike land.
I siviladministrasjonen i nokre land, finst posisjonen kaptein - mellom anna på Filippinane (kapitan ng barangay).
Opphav
endreOrdet kaptein kjem frå fransk capitaine som stammar frå det mellomalderlatinske capitaneus som igjen er avleidd av det latinske caput, som betyr «hovud». Kaptein betyr altså opphavleg «overhovud», «førar», «leiar» eller «sjef». Ordet kan ha litt ulik bruk i ulike språk.
Kjende kapteinar
endreDet er ei mengde kjende kapteinar opp gjennom historia, både verkelege og oppdikta. Kapteintittelen fortel om ein person med makt og posisjon til å styre eit fartøy eller leie ei gruppe underordna, og kling godt i titlar og kallenamn. Listene her viser berre eit lite utval der kaptein inngår som ein vanleg del av namnet.
Historiske kapteinar
endre- Captain Jack, kallenamn for Kintpuash (1837-1873), nordamerikansk indianarhovding
- Kaptein Kaald, kaperkapteinen Paul Andreas Kaald (1784-1867) frå Trondheim
- Kaptein Raudskjegg, klassisk piratnamn brukt både i teikneseriar, filmar og barneprogram. Raudskjegg, eller på italiensk Barbarossa, var opphavleg kallenamn på den tyrkiske kaperen Aruj (1474 – 1518).
Kapteinar frå bøker
endre- Kaptein Ahab, hovudperson i den amerikanske forfattaren Herman Melville sin roman Moby Dick frå 1851
- Kaptein Nemo, litterær person frå Jules Verne sin roman Ei verdsomsegling under havet frå 1870
- Kaptein Skuteløs, eigenleg Skipper Skuteløs, psevdonym for forfattaren og forlagsmannen Fred A. Fredhøi m.fl.
- Kaptein Krok (Captain James Hook), sjørøvar i skodespelet, filmane og barnebøkene om Peter Pan som kom første gong i 1903
- Kaptein Efraim Langstrømpe, «negerkonge» og faren til den svenske barnebokbokfiguren Pippi Langstrømpe
- Kaptein Puma, figur frå barnebøker og teikneserie med manus av Tor Åge Bringsværd
Kapteinar frå film og TV
endre- Kaptein Blod, filmpirat spela av Errol Flynn i eventyrfilmen Captain Blood frå 1935
- Kaptein Jack Sparrow, hovudrolla i dei amerikanske eventyrfilmane Pirates of the Caribbean frå 2005 og 2007, spela av Johnny Depp
- Kapitan Kloss, oppdikta hemmeleg agent under andre verdskrigen kjend frå den populære polske TV-serien Stawka większa niż życie
- Captain Power, amerikansk TV-figur frå science fiction-serien Captain Power and the Soldiers of the Future frå 1987-1988
- Captain Flamingo, kanadisk teiknefilmfigur kjend frå barne-TV-serie frå 2006
- Kaptein Grant, hovudperson i Jules Verne sin roman Kaptein Grants barn frå 1867. Han gav også ut boka Kapteinen på 15 år i 1878 om den unge Dick Sand og slavehandel i Afrika
- Kapten Zoom, svensk barne-TV-figur frå serien Galaxer i mina braxer, sa Kapten Zoom frå 1970-talet
- Russisk ubåtkaptein, Harald Heide Steen Jr. sin rollefigur i ein berømt sketsj på NRK, også i filmkomedien Deilig er fjorden 1985
Det er i tillegg mange filmar med Kaptein i tittelen.
Kapteinar frå teikneseriar
endre- Kaptein Miki, cowboyhelt i italiensk teikneserie frå amerikansk westernmiljø gitt ut første gong i 1951
- Kaptein Mark, hovudperson i italiensk teikneserie frå amerikansk nybyggartid utgitt første gong i 1966 av dei same teikneserieskaparane som gav ut Kaptein Miki.
- Kaptein Vom, teikneseriefigur i Knoll og Tott
- Kaptein B eller Bestefar B, B-gjengen sin leiar i teikneseriane om Donald Duck
- Captain America, amerikansk teikneseriefigur og superhelt frå 1941
- Kaptein Haddock (Capitaine Archibald Haddock), ein figur i den belgiske teikneserien om Tintin
Kapteinar frå annan populærkultur
endre- Kaptein Sabeltann, sjørøvar i barneteater av Terje Formoe
- Kaptein Sorte Bill, sjørøvar i vise av Thorbjørn Egner
- Kaptein Kårdespiss, teatersjørøvar frå Molde
- Kaptein Krabbeklo, teatersjørøvar frå Stavern
- Kaptein Tordenbrak, namn på norsk rockeband frå 1990-talet
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kaptein» frå Wikipedia på bokmål, den 20. september 2009.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Barangay captain» frå Wikipedia på engelsk, den 10. oktober 2022.