Kamøyfjorden
fjord i Nordkapp i Finnmark
Kamøyfjorden (nordsamisk Gappevuotna)[1] er ein fjord på nordaustsida av Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 14 km sørvestover til Skipsfjorden i botn av fjorden.[2]
Kamøyfjorden | |||
fjord | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Kamøyfjorden 71°03′35″N 26°00′36″E / 71.0598°N 26.01°E |
Fjorden har innløp mellom Beinviknæringen i nordvest og Hellnes i søraust. Like sør for Kamøyfjorden ligg Honningsvåg. Store Kamøya er ei som ligg midt i fjorden nesten heilt inne i fjorden. På innsida av øya ligg fiskeværet Kamøyvær. Her vert fjorden òg delt i to, Duksfjorden går på nordsida av øya, medan Skipsfjorden går på sørsida av øya og Skipsfjordneset. Kamøyfjorden er 153 meter på det djupaste, like nordvest for Hellnes.
Europaveg 69 går langs den inste delen av sørsida.
Kjelder
endre- ↑ «Kamøyfjorden (Norsk - Hovednavn)». Stedsnamn faktaark - for søk på stedsnavn og tilhørende fakta. kartverket.no. Henta 23. september 2024.
- ↑ Kamøyfjorden på Norgeskart.no fra Statens kartverk