Klorfluorkarbon
(Omdirigert frå KFK)
Klorfluorkarbon (KFK) er ei gruppe gassar med sterke verknader på miljøet.
Klorfluorkarbon er hydrokarbon der hydrogenatoma er bytta ut med klor og fluor. Dette skjer ved halogenering.
Klorfluorkarbon er ikkje giftige. Stoffa er stabile. Slike gassar vart tidlegare mellom anna brukt i kjøleskåp og drivgass i sprayboksar.
KFK-gassar er skadelege for ozonlaget.