Kalving i glasiologi
Kalving er når store bitar av is lausnar frå kanten av ein isbre[1] Det er ein form for isablasjon eller isforstyrring. Isen slepp brått taket og bryt laus frå ein isbre, isfjell, isfront, isbrem eller bresprekk. Isen som bryt laus kan klassifiserast som eit isfjell, men kan òg vere ein growler eller mindre.[2]
Når isbreane kalvar oppstår det gjerne eit høgt brak eller drønn[3] før isblokker opp til 60 meter høge bryt laus og styrtar ut i vatnet. Når isen treff vatnet vert det skapt store, og ofte farlege, bølgjer.[4] Bølgjene som vert danna på stader som ved Johns Hopkins-breen kan verte så store at båtar ikkje kan gå nærare enn 3 km. Desse hendingane har vorte store turistattraksjonar i stader som Alaska.
Mange brear endar ved havet eller innsjøar som har oppstått naturleg[5] med kalving av store mengder isfjell. Kalving frå isbreane på Grønland produserer 12 000 til 15 000 isfjell kvart år.[6]
Kalving frå isbremmar oppstår som regel frå sprekker.[7] Dette skjer heller sjeldan.
Årsaker
endreDet er nyttig å klassifisere årsakene til kalving i første, andre og tredjeordens prosessar.[8] Førsteordensprosessane er ansvarleg for ein vedvarande kalving av isbreen. Den viktigaste årsaka til kalving er langsgåande strekking, som kontrollerer danninga av bresprekker. Når bresprekkene trengjer gjennom heile tjukkeleiken av isen, vil dei kalve.[9] Langsgåande strekking vert styrt av friksjon på undersida og kantane av breen, utforminga til breen og vasstrykket under breen. Desse faktorane er derfor dei viktigaste for kor ofte ein bre kalvar.
Andre- og tredjeordensprosessar reknar ein i tillegg til førsteordensprosessen over, og styrer enkeltkalvingar, og ikkje den samla raten. Smelting ved vasslinja er ein viktig andreordensprosess, sidan han skjer den subærile isen nedanfrå, slik at han kollapsar. Andre andreordensprosessar er tidvatn og seismiske hendingar, oppdriftskrefter og smeltevatn som trengjer seg gjennom isen.
Når kalvinga skjer på grunn av smelting ved vasslinja, vil berre den delen av breen som stikk opp i lufta smelte, slik at ein får ein undersjøisk «fot». Dermed er ein tredjeordensprosess definert, der oppdriftskrefter får denne isfoten til å bryte av og flyte opp til overflata. Denne prosessen er ekstremt farleg og har mellom anna oppstått utan åtvaring opp til 300 meter frå brefronten.[10]
Kalvingslov
endreSjølv om ein veit om mange faktorar som medverkar til kalving, er ein god matematisk formel for kalvinga framleis under utvikling. Ein samlar i dag data frå isbremmane i Antarktis og Grønland for å finne ei «kalvingslov». Variable nytta i modellar omfattar iseigenskapar som tjukkleik, tettleik, temperatur, c-akse-samansetnad og ureinleik. Stresset som står normalt på isfronten er er truleg den viktigaste variabelen, sjølv om han vanlegvis ikkje vert målt.
Det er i dag fleire utkast til ei føreseiande lov. Ein teori seier at kalvingsraten hovudsakleg er ein funksjon av forholdet mellom trekkspenninga og det vertikale trykkspenninga, til dømes at kavlingsraten er ein funksjon mellom det største og minste stress-bestanddelane.[11] Ein annan teori, basert på foreløpig forsking, syner at kalvingsraten aukar som ein potens av spredningsraten nær kalvingsfronten.
Store kalvingar
endreFilchner-Ronne-isen
endreI oktober 1988 braut isfjellet A-38 laus frå Filchner-Ronne-isen i Antarktis. Dette var omtrent 150 km x 50 km, ein ismasse som hadde større areal enn delstaten Delaware. Ei ny kalving skjedde i mai 2000 og skapte eit isfjell på 167 km x 32 km.
Ameryisen
endreEi stor kalving skjedde i 1962 til 1963 på Ameryisen. I dag er det ein del av fronten på denne bremmen som vert kalla ei «laus tann». Denne delen måler 30 km x 30 km og flyttar seg kring 12 meter per dag og er venta å til slutt kalve.[12]
Ward Hunt-isen
endreDen største observerte kalvinga av ei isøy skjedde ved Ward Hunt-isen[13]. Ein gong mellom august 1961 og april 1962 braut nesten 600 km2 med is laus.[14]
Aylesisen
endreI 2005 braut nesten heile Aylesisen laus frå nordenden av Ellesmere Island. Sidan 1900 har kring 90% av isbremmen kring Ellesmere Island kalva og flote bort. Denne hendinga var den største av sitt slag dei siste 25 åra. Totalt forsvann 87,1 km² is tapt i hendinga. Det største isfjellet var 66,4 km² stort (tilsvarar 11 000 fotballbanar).[15]
Larsenisen
endreLarsenisen ligg i Weddellhavet og strekkjer seg langs austkysten av Den antarktiske halvøya, og består av tre delar. To av desse har kalva. Larsen B-isen kalva og forsvann i februar 2002. I januar 1995 kalva Larsen A-isen på 3 250 km² is med ein tjukkleik på 220 meter og forsvann.
Jakobshavn Isbræ
endreKvart år kvalvar 35 milliardar tonn med isfjell frå Jakobshavnbreen eller Sermeq Kujalleq på Grønland og ut i fjorden.
Sjå òg
endreLitteratur
endre- Holdsworth, G. 1971. Calving From Ward Hunt Ice Shelf, 1961-1962., Canadian Journal Of Earth Sciences 8:299-305.
- Jeffries, M. 1982. Ward Hunt Ice Shelf, Spring 1982. Arctic 35542-544.
- Jeffries, M.O., And Serson, H. 1983. Recent Changes At The Front Of Ward Nwt. Arctic 36:289-290. Hunt Ice Shelf, Ellesmere Island, Koenig, L.S., Greenaway, K.R., Dunbar, M., And Haitersley
- Smith, G. 1952. Arctic Ice Islands. Arctic 5:67-103.
- Lyons, J.B., And Ragle, R.H. 1962. Thermal History And Growth Of The Ward Hunt Ice Shelf. International Union Of Geodesy And Geophysics International Association Of Hydrological Sciences, Colloque D’obergurgl, 10–18 September 1962. 88-97.
- Rectic And Maykut, G.A., And Untersteiner, N. 1971. Some Results From A Time Of Geophysical Research Dependent Thermodynamic Model Of Sea Ice. Journal 761550-1575.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ice calving» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Essentials of Geology, 3rd edition, Stephen Marshak
- ↑ Glossary of Glacier Terms, Ellin Beltz, 2006. Henta januar 2014.
- ↑ Glacier Bay, National Park Service. Retrieved July 2009.
- ↑ Glacier Calving photos Arkivert 2010-01-25 ved Wayback Machine.. Henta januar 2014.
- ↑ ARCTIC, Vol. 39, No. 1 (March 1986) P. 15-19, Ice Island Calvings and Ice Shelf Changes, Milne Ice Shelf and Ayles Ice Shelf, Ellesmere Island, N.W.T., Martin O. Jeffries, 1985, University of Calgary. Henta januar 2014.
- ↑ Oceans Arkivert 2007-08-06 ved Archive.is, Oxfam. Henta januar 2014.
- ↑ Promotions/Public Relations (8. desember 2006). «The loose tooth: rifting and calving of the Amery Ice Shelf - Australian Antarctic Division». Aad.gov.au. Arkivert frå originalen 2. oktober 2009. Henta 4. januar 2014.
- ↑ Benn, D., Warren, C. & Mottram, R. 2007. Calving processes and the dynamics of calving glaciers. Earth-Science Reviews, 82, 143-179.
- ↑ Nick, F., Van der Veen, C., Vieli, A. & Benn, D. 2010. A physically based calving model applied to marine outlet glaciers and implications for the glacier dynamics. Journal of Glaciology, 56, 781. (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. september 2010, henta 3. januar 2014
- ↑ How close should boats come to the fronts of Svalbard’s calving glaciers? (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 28. september 2010, henta 3. januar 2014
- ↑ «Modeling Iceberg Calving From Ice Shelves Using a Stress Based Calving Law: The». Adsabs.harvard.edu. Henta 4. januar 2014.
- ↑ Business Support Group (18. mai 2009). «Rifting and calving of the Amery Ice Shelf - Australian Antarctic Division». Aad.gov.au. Arkivert frå originalen 30. september 2009. Henta 4. januar 2014.
- ↑ Topographical map of Ward Hunt Island, Ice Rise and Ice Shelf, scale 1:25,000. Geodesy and cartography: KIT Karlsruhe
- ↑ ARCTIC, Vol. 39, No. 1 (March 1986) P. 15-19, Ice Island Calvings and Ice Shelf Changes, Milne Ice Shelf and Ayles Ice Shelf, Ellesmere Island, N.W.T.
- ↑ «Ayles Ice Shelf - Dr. Luke Copland». Geomatics.uottawa.ca. Arkivert frå originalen 9. februar 2007. Henta 4. januar 2014.