Irja Seurujärvi
(Omdirigert frå Irja Seurujärvi-Kari)
Irja Anneli Seurujärvi-Kari (fødd 21. november 1947 i Utsjok) er ein finsk same som er representant i det finske sametinget. Ho arbeider som lektor i samisk ved Universitetet i Helsingfors.
Irja Seurujärvi | |||
Irja Seurujärvi-Kari på seminaret for revitalisering av samisk og maori i Helsingfors i 2011. | |||
Fødd | 21. november 1947 Utsjoki | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Finland | ||
Område | filologi | ||
Yrke | politikar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Helsingfors universitet | ||
Alma mater | Uleåborgs universitet Helsingfors universitet |
Seurujärvi-Kari tok eksamen som filosofie magister med engelsk som hovudemne, og med pedagogisk seminar, ved Universitetet i Uleåborg, i 1974. Ho studerete samisk som stipendiat ved Universitetet i Oslo i 1977–1978. Deretter var ho rektor ved Utsjok samiske gymnas (1978–1985). Frå og med 1986 har ho vore lektor i samisk språk og kultur ved Universitetet i Helsingfors.
Seurujärvi-Kari fekk i lag med Ulla-Maija Forsberg og Risto Pulkkinen den finske statens pris for vitskaplege publikasjonar i 2006 for leksikonet The Saami. A Cultural Encyclopaedia.
Publikasjonar
endre- Ulla-Maija Kulonen, Juha Pentikäinen & Irja Seurujärvi-Kari (toim.): Johdatus saamentutkimukseen. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 1994. ISBN 951-717-792-5.
- Irja Seurujärvi-Kari: Beaivvi mánát - Saamelaisten juuret ja nykyaika.. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 2000.
- Ulla-Maija Kulonen, Irja Seurujärvi-Kari, Risto Pulkkinen (toim.): The Saami A Cultural Encyclopaedia. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 2005.
- Irja Seurujärvi-Kari, Risto Pulkkinen, Petri Halinen (toim.): Saamentutkimus tänään. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 2011.