ISBN er kortforma for International Standard Book Number (Internasjonalt standard boknummer). ISBN-systemet er eit vanleg system for identifisering av bøker, og er meint for kommersiell bruk. I ISBN-systemet har kvart bokeksemplar eit eige og unikt ISBN-nummer for kvar variasjon eller utgåve av boka. ISBN-systemet vart skapt i Storbritannia i 1966. Det vart teke i bruk i Noreg i 1971.[1]

Tisifra ISBN-kode
Trettensifra ISBN-kode

Eit ISBN-nummer inneheld ni siffer og eitt kontrollsiffer. Det er delt opp i fire siffergrupper:

  1. opphavsland eller språk (for eksempel 82 for Noreg),
  2. utgjevar eller forlag,
  3. tittel, variasjon eller utgåve av tittel,
  4. eit kontrollsiffer som avgjer om dei andre ni siffera er rett samansett.

Siffergruppene er oftast skilde med bindestrek eller mellomrom. Dette er likevel ikkje naudsynt, fordi siffergruppene er laga med innleiingsteikn på ein slik måte at ingen kodar tek til på same måte. Siffergruppene har ingen fast storleik, så eit lite forlag vil for eksempel ha eit langt nummer for å gjere plass for store forlag med mange bøker.

På grunn av eit avgrensa tal ISBN-nummer i nokre siffergrupper vart ISBN-systemet utvida til 13 siffer, som ei tilpassing til EAN-systemet. Dette skjedde frå 1. januar i 2007. I første omgang vart talet 978 sett framfor det gamle ISBN-nummeret, og kontrollsifferet vart tilpassa i samsvar med dette. Det er tidlegare teke i bruk andre middel for å auke talet på tilgjengelege nummer, som bruk av bokstavar.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. ISBN Norge; Nasjonalbiblioteket

Bakgrunnsstoff

endre