Hurrungane
Hurrungane (eller Hurrungene, Hurrungadn, Horungane) er eit fjellområde på grensa mellom Luster og Årdal kommune i Vestland. Området ligg sørvest i Jotunheimen, og inkluderer Skagastølstindane, Styggedalstindane, Dyrhaugstindane, Maradalstindane, Austanbotntindane, Soleibotntindane med fleire.
Hurrungane | |||
fjellområde | |||
Hurrungane sett mot vest. Skagastølstindane er høgste topp ein ser i bilete
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Luster (Vestland) | ||
Fjellkjede | Jotunheimen | ||
Høgd | Store Skagastølstind: 2 405 moh. | ||
Koordinatar | 61°27′N 07°51′E / 61.450°N 7.850°E | ||
Hurrungane 61°24′N 7°45′E / 61.4°N 7.75°E | |||
Wikimedia Commons: Hurrungane |
Området har mange av dei villaste toppane i Noreg og 23 toppar over 2000 moh. (med primærfaktor på 30 m eller meir). Mange av toppane kan ein berre nå med fjellklatring eller vandring på bre, men det finst òg nokre som ikkje gjer det.
Hurrungane har daler som i hovudsak går nord-sør. Dei største dalane er Skagadalen, Ringsdalen, Gravdalen, Stølsmaradalen, Midtmaradalen, Maradalen. Hurrungane er grovt sett avgrensa av Utladalen mot sør og aust, av Helgedalen og Bergsdalen mot nord og Berdalsbandet mot vest.
Ei rekkje mindre, alpine isbrear ligg i området. Dei største er Jervvassbreen, Styggedalsbreen, Skagastølsbreen, Ringsbreen, Berdalsbreen, Stølsmaradalsbreen, Midtmaradalsbreen, Slingsbybreen og Maradalsbreen. I tillegg finst det fleire mindre botnbrear.
Friluftsliv
endreEit vanleg utgangspunkt for turar i Hurrungane er Turtagrø, 884 moh, ved riksveg 55 nord for Hurrungane. Her ligg Turtagrø hotell, eit hotell med lange tradisjonar som samlingsstad for fjellsport og klatring. På Turtagrø er det høve til å leige fjellførar frå Norgesguidene for å nå toppar i området.
DNT har to hytter i området: Skagastølsbu, ei nødbu, 1758 moh., kjent som «Hytta på Bandet» og Stølsmaradalen, 845 moh. Ein merkt sti går frå Turtagrø gjennom Skagadalen opp til Bandet.
Fjell i Hurrungane
endreDei høgaste toppane i området er
- Storen (Skagastølstindane, Store) (2405 moh.)
- Styggedalstindane, Store (2387 moh.)
- Jervvasstind(Gjertvasstind) (2351 moh.)
- Sentraltind (2348 moh.)
- Vetle Skagastølstind (2340 moh.)
- Midtre Skagastølstind (2284 moh.)
- Skagastølsnebbet (2222 moh.)
- Store Austanbotntind (2202 moh.)
Bakgrunnsstoff
endre- Bergtatt si side om Hurrungane Arkivert 2004-12-05 ved Wayback Machine.
- Turtagrø hotell
- Webkamera på Turtagrø hotell Arkivert 2007-08-01 ved Wayback Machine.
- Norgesguidene
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hurrungane» frå Wikipedia på bokmål, den 21. april 2008.