Hundvåko
(Omdirigert frå Hundvåkøy)
Hundvåko,[1] òg kalla Hundvåkøy, er den tredje største øya i Austevoll kommune. Som dei fleste andre øyar ute mot kysten er kjenneteiknet nakne knausar, lyngheiar og litt skog. Øya er 10,7 kvadratkilometer og det bur kring 700 menneske der.
Hundvåko | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Austevoll |
Koordinatar | 60°07′12″N 05°08′40″E / 60.12000°N 5.14444°E
|
Areal | 10,7 km²
|
Høgaste punkt | 61 moh. |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland
|
Demografi | |
Folketal | 698 (2023) |
Folketettleik | 65,2 /km² |
Næringsgrunnlaget kjem frå havet. Her er den tettaste konsentrasjonen av ringnotsnurparar i landet, i alt 12 fartøy. Elles er fiskeoppdrett ei viktig næring her som i resten av kommunen. Villsauen beitar ute heile året i lyngheiane. Sauerasen har overlevd i dette karrige landskapet sidan vikingtida.
Folketalsutvikling:
1801[2] | 1900[3] | 2000[4] | 2023[4] |
---|---|---|---|
182 | 344 | 529 | 698 |
Referansar
endre- ↑ «Fakta om Hundvåko». Kartverket - Fakta om stadnamn. Henta 30. juli 2016.
- ↑ Folketeljing 1801 for Sund prestegjeld, frå Digitalarkivet
- ↑ Folketeljing 1900 for Austevoll herred, frå Digitalarkivet
- ↑ 4,0 4,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå