Helios
Helios (gresk Ήλιος (hēlios), 'sol') er solguden i gresk mytologi. Kvar dag køyrer han over himmelen i ei gyllen vogn trekt av fire hestar, medan han sigler i ein båt over verdselva Okeanos om natta for å koma tilbake til utgangspunktet sitt i aust om morgonen. Helios blei særleg tilbeden på Ródos, der han hadde si eiga høgtid.[1] Han blei avbilda i Kolossen ved hamna til Ródos, eit av dei sju underverka.[2]
Helios | |||
| |||
Identifisert med | Sol, Sun, Surya, Hvare-khshaeta, Virotutis, Baal-hamon, Ra, Anextiomarus, Alaunus, Zun | ||
---|---|---|---|
Mor | Theia, Euryphaessa | ||
Far | Hyperion | ||
Ektefelle | Rhodos, Ceto, Aegle, Antiope | ||
Sambuar | Aegle, Klymene, Gaia, Leucothoë, Neaera, Perse, Selene, Crete, Clytie | ||
Barn | Aegiale, Merope, Faëthon, Phaethusa, Lampetia, Perses, Astris, Aietes, Kirke, Pasifaë, Heliadae, Cercaphus, Candalus, Actis (mytologi), Tenages, Triopas, Ochimus, Lindus, Makareus, Trinax, Auges, Electryone, Evfrosyne, Thalia, Aglaia, Aloeus, Aetheria, Bisaltes, Augias, Aega, Clymenus, Khariter, Phaetontides, Phasis, Dioxippe, Helia, Amaltheia, Dirke, Lelex |
Familie
endreHelios var son av titanane Hyperion, som var gud for lys, og Theia.[3][4][5] Mor hans blir også oppgjeven som Euryphaessa,[6] Aethra,[7] og Basileia.[8] Syskena hans er Selene (månen) og Eos (morgonrauden).[2] Sonen hans var Faeton, som prøvde og feila å styra solvogna til faren.[9][1]
Helios blir gjerne framstilt som ein skjegglaus man i lilla klede med ein glorie eller flagrande hår som liknar solstrålar.
Namn
endreGuden blei også kalla Helios Panoptes, 'den altsjåande Helios/sola'.
Namnet på grunnstoffet helium er avleidd av Helios. Helium er eitt av dei viktigaste stoffa i sola.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Hēlios» (på engelsk). Oxford University Press. 1. januar 2007. ISBN 978-0-19-280146-3. doi:10.1093/acref/9780192801463.001.0001/acref-9780192801463-e-1012?rskey=l9rsth&result=7.
- ↑ 2,0 2,1 «Helios». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023.
- ↑ Hesiod, Theogony 371
- ↑ Pseudo-Apollodorus, Library 1.2.2
- ↑ Scholia on Pindar, Isthmian Odes 5.2
- ↑ Homeric Hymns 31.5
- ↑ Hyginus, Fabulae preface
- ↑ Diodorus Siculus, Historic Library 3.57.2–8; Grimal, s. v. Basileia
- ↑ Leeming, David (2005). «Helios» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-515669-0. doi:10.1093/acref/9780195156690.001.0001/acref-9780195156690-e-693?rskey=l9rsth&result=6.
- Denne artikkelen bygger på «Helios (mytologi)» frå Wikipedia på bokmål, og «Helios» frå Wikipedia på svensk den 22. mars 2008.