Høgnorskringen er ein heller lausleg ihopbunden ring av høgnorskvener, spreidde kring i landet, med sete i Oslo.

Laget vart skipa i 1994 etter førearbeid av mellom andre den tidlegare bladstyraren for Vestmannen, Jostein Krokvik. Meiningi var fyrst å vekkja liv i Sunnmøre Høgnorsklag att, men sidan folk melde seg frå vide kantar, vart landslutnamnet lite høveleg, og ein stogga ved det landsdekkjande namnet Høgnorskringen.

Laget gjev ut Høgnorsknytt og Norsk Årbok. Formann er Ole Kristian Grønneng. Laget er med i samskipnaden Ivar Aasen-sambandet.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre