Hålogaland lagmannsrett
69°39′17.831″N 18°57′55.850″E / 69.65495306°N 18.96551389°E
Hålogaland lagmannsrett har sitt hovudsete i Tromsø og er ein av seks lagmannsrettar i Noreg.
Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet - både i straffesaker og i sivile saker, sjå nærare om sakshandsaminga i artikkelen lagmannsrett. Lagmannsretten sine avgjerder kan - i noko avgrensa omfang - bli påkjært eller anka til Høgsterett.
Jurisdiksjon
endreLagdømmet omfattar fylka Nordland, Troms og Finnmark i tillegg til Svalbard og Jan Mayen, jmr. oversikta nedst på sida over dei tingrettar som høyrer til Hålogaland lagdømme.
Organisering
endreForutan i Tromsø blir det jamleg sett rett i Mosjøen, Bodø og Vadsø, og om det trengst andre stader i rettskrinsen, f.eks. når retten må på synfaring. Lagmannsretten blir leida av ein førstelagmann og har i tillegg ein lagmann og 14 lagdommarar.
Historie
endreHålogaland lagmannsrett vart grunnlagd i 1890 med sete i Tromsø. Fram til 1936 vart ankar i sivile saker handsama av Trondhjem stiftsoverrett.
Førstelagmenn i Hålogaland lagmannsrett
endre- 1992-2000 Gaute Gregusson
- 2000-2017 Arild Oskar Eidesen
- 2017- Monica Hansen Nylund
Bakgrunnsstoff
endre- Hålogaland lagmannsrett si heimeside
- Statsbygg: Hålogaland lagmannsrett
- Artikkel om Tromsø tinghus i Arkitekturguide for Nord-Norge og Svalbard