Guadiaro
Guadiaro er ei elv i Spania i provinsane Cádiz og Málaga i det autonome området Andalusia. Ho renn sørover frå Sierra Bermeja gjennom Sierra de Grazalema og munnar ut i Middelhavet ved Sotogrande. Elva er kjend for å danne det einaste myrområdet langs Costa del Sol. Myra er verna som eit 27 hektar stort naturreservat[1]. Det er fleire byar og busetnader ved munningen: Pueblonuevo de Guadiaro, Guadiaro, Torreguadiaro, Sotogrande, San Enrique og Venta Nueva, alle i kommunen San Roque.
Guadiaro | |||
elv | |||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Lengd | 183 km | ||
Kjelde | Sierra Bermeja | ||
Munning | Middelhavet | ||
Guadiaro 36°16′57″N 5°16′36″W / 36.2825°N 5.2766666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Guadiaro River |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Guadiaro» frå Wikipedia på engelsk, den 5. mai 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: