Grimsby
Grimsby er ein hamneby ved utløpet av Humber i Lincolnshire i England, med 85 - 90 000 innbyggjarar. Han har vore administrasjonssenter for North East Lincolnshire (område med sameint styresmakt sidan 1996. For å skilje han frå Little Grimsby som ligg 22 km lenger sør, vart byen ofte kalla «Great Grimsby».
Grimsby | ||
---|---|---|
Grimsby Dock Tower | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Lincolnshire | |
Distrikt | North East Lincolnshire | |
Grunnlagd | 800-talet | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2007) |
87 701 | |
Koordinatar | 53°33′N 0°4′W / 53.550°N 0.067°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | DN31 - DN34, DN35, DN37 | |
Telefon-retningsnummer | 01472 | |
Historie
endreDet seiast at byen vart grunnlagt av ein dansk fiskar ved namn Grim på 800-talet. På 1100-talet utvikla byen seg til eit handlesenter og ei fiskerihamn. Han var nummer 12 i rekkja av skattebetalarar til kongen, og fekk grunnleggingsbrevet sitt av Johan av England i 1201. Byen har aldri hatt bymurar, han var for liten til det, og dessutan var han verna av det sumpete omlandet rundt byen. Men han hadde ei vollgrav i mellomalderen. Frå 1500-talet kom byen inn i ei nedgangstid som varte heilt til 1800-talet. I 1801 var folketalet 1524, same tal som i mellomalderen. Men etter det har byen vakse mykje.