Fyllingen Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Fyllingsdalen i Bergen kommune. Idrettslaget vart skipa 6. juni 1946.[1] Det dreiv då med fotball og turn.[1]

I 1969 blei det oppretta ei handballgruppe i laget. På 1980-talet blei også ei volleyballgruppe med.[1]

Fyllingen spelte seg i 1990 heilt til finalen i Noregsmeisterskapen i fotball. Cupfinalen på Ullevål stadion i Oslo enda med tap 1–5 mot Rosenborg BK. Åra 1990, 1991, 1993 og 1996 deltok Fyllingen i 1. divisjon/eliteserien i seriesystemet.

Idrettslaget blei endra til eit allianseidrettslag med ulike grupper for dei ulike greinene i 1994. Fyllingen Fotball, Fyllingen Håndball, Fyllingen Volley og Fyllingen Turn var alle delar av Fyllingen Idrettslag (Allianse-Idrettslaget).[1]

Fyllingen Håndball vann gull i eliteserien i handball for menn sesongen 2008/09, og var med i gruppespelet i EHF Champions League sesongen 2009/2010.[1] I 2010 blei elitelaget skilt ut som eiga gruppe, FyllingenBergen og seinare Bergen Håndball.[1]

I 2011 slo fotballgruppa i laget slo seg saman med Løv-Ham og danna Fyllingsdalen Fotballklubb. Fyllingen sine lag spelte i gule trøyer og elles mørkeblått.

I 2014 blei det oppretta ei friidrettsgruppe.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Historie», www.fyllingenidrettslag.no, henta 14. mai 2024 

Bakgrunnsstoff

endre