Furu
Furu, fure eller toll (Pinus sylvestris), ofte kalla tolle i Midt-Noreg,[2] og forra i Nord-Noreg, er ein planteart i furuslekta (Pinus). Denne arten er den einaste naturleg viltveksande furuarten i Noreg.
Furu | |
Furu | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av furu | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Klasse: | Pinopsida |
Orden: | Furuordenen Pinales |
Familie: | Furufamilien Pinaceae |
Slekt: | Furuslekta Pinus |
Underslekt: | Pinus |
Seksjon: | Pinus |
Art: | Furu P. sylvestris |
Vitskapleg namn | |
Pinus sylvestris |
Utbreiing
endreFuru finst frå Storbritannia i vest, til Sibir i aust, Kaukasusfjella i sør, og Nord-Noreg i nord. I nord veks ho frå havnivå opp til 1000 moh.; i sør veks ho frå 1200 til 2600 moh. Ho finst i heile Noreg.[3]
Utsjånad
endreFurua vert opp til 35 meter høg. Einskilde tre i særleg gunstig jord har vorte opp til 45 meter. Gamle tre har grov og mørkbrun skorpebork nedst og tynn, lyst raudlet bork høgare opp. Hokonglane sit på stutte skaft, er spisse, og går frå gulbrune til gråbrune i farge ettersom dei mognast.
Nålene er lange, og sit parvis i knippe.
Bruk
endreFuru er eit treslag med mange bruksområde, og er difor viktig for skogbruket. Det blir avverka store mengder furu i Noreg kvart år til bruk i industrien som materiale til bygg- og møbelproduksjon, papirmasse, og framstilling av tjære og terpentin.
Furuveden er særs rik på kvae. Tidlegare produserte ein såkalla alved ved å la kvista og toppkappa furustammer stå att på rot over fleire år slik at kvaa trekte opp frå rota og ut i veden. Slik vart mesteparten av virket impregnert og eigna seg såleis ypparleg som kledningsmateriale for hus og andre bygningar.
Anna
endreI Vesterålen veks dei eldste trea i Noreg. Det eldste av desse furutrea er frå år 1228, medan daude trestubbar går heilt tilbake til år 877.
Ord for ‘furu’
endre- Furu: Det norrøne ordet fura, som er i slekt med svensk «fura», dansk «fyrretræ» og engelsk «fir» (gammal skotsk tyding: ‘furu’, moderne engelsk tyding: ‘edelgran’ Abies) finst i fleire former i norske dialektar:
Sjå òg
endreGalleri
endre-
Blome
-
Konglar
-
Trevirke frå furu
Kjelder
endre- Referansar
- ↑ Solstad H; Elven R; Arnesen G; Eidesen PB; Gaarder G; Hegre H; Høitomt T; Mjelde M; Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av furu Pinus sylvestris for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022.
- ↑ Ordet tolle f. i tydinga Pinus sylvestris er særleg registrert frå Nordmøre og Romsdalen i setelarkivet til Norsk ordbok, men finst òg belagt frå Trøndelag. På Helgeland blir ordet derimot bruka både om furu og gran.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022.
- Lid, J. (2005), Norsk flora (7. utgåva). Samlaget, Oslo.
- Denne artikkelen bygger på «Pinus sylvestris» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2008.
Bakgrunnsstoff
endre- (no) furu hos Artsdatabanken
- (en) furu i Encyclopedia of Life
- (en) furu i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) furu hos Dyntaxa
- (en) furu hos ITIS
- (en) furu hos NCBI
- (en) furu hos Panarctic Flora
- (en) furu hos The International Plant Names Index
- (en) furu hos Tropicos
- (en) Kategori:Pinus sylvestris – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Pinus sylvestris – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons