Freidig
Sportsklubben Freidig er eit idrettslag i Trondheim, stifta 13. oktober 1903, med i kring 2 000 medlemer. Laget har avdelingar for fotball, friidrett, handball, innebandy, orientering og skiidrett. Det driv Vassfjellet skisenter i Klæbu.
Freidig | |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 937450761 | ||
Skipa | 1903 | ||
Hovudkontor | Trondheim | ||
Nettstad | http://www.freidig.idrett.no/ |
Idrettar
endreFotball
endreFreidig vart seriemeister i fotball 1948, etter å ha vorte distriktsmeister i avdeling H og vunne seriefinalen 2-1 over Sparta frå Sarpsborg. Vinnarlaget bestod av (alfabetisk): Gunnar Dahlen, Peder Engdahl, Johnny Gran, Rolf Grønning, Bjørn Helgesen, Sven Langlete, Tor Moxness, Ørnulf Raaen, Per Stokstad, Jan Sørdahl og Erling Winnan.
Handball
endreFreidig sitt kvinnelag i handball vann seriemeisterskapen i 1971 og på ny i 1985.
Freidig-profilar
endre- Gunnar Dahlen, fotball
- Arnfinn Bergmann, skihopping
- Odd Bergh, friidrett
- Magnar Solberg, skiskyting
- Katharina Mo Berge, langrenn og orientering
- Sissel Bucholdt, handball
- Ingrid Kristiansen, langrenn og friidrett
- Hanne Sandstad, orientering
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sportsklubben Freidig» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2015.