Fostertid
Fostertid er den tida eit ho-pattedyr går med eit foster. Tida vert rekna frå siste paringsdagen fram til fødselen. Eit hodyr som går med eit foster vert kalla drektig.
Lengda på fostertida er mykje ulik hos dei ulike dyreslaga og kan variere ikkje lite innan same arten. Fostertida er jamt over lengst hos dei store dyra og stuttast hos dei små, og ho er høvesvis lenger hos dyr som lever og føder i ope lende enn hos dyr som lever og føder gøymde i jordhòl. Ho er og jamt over lengre hos dyr med lågt fostertal.
Blant dei pattedyra som har stuttast fostertid, er syrisk hamster med berre 16 dagar. Afrikansk elefant har den lengste, med rundt 660 dagar.
Fostertid hjå menneske
endreHjå menneske reknar ein som regel svangerskap frå slutten av siste menstruasjon. Eit svangerskap av normal lengd varer då i 40 veker, og eit foster med ei fostertid på mellom 259 og 294 dagar blir rekna som fullbore.
Oversyn
endreHusdyr | Gjennomsnittleg fostertid i dagar |
---|---|
Kanin | 31 |
Mink | 53 |
Tamkatt | 63 |
Hund | 63 |
Svin | 114 |
Geit | 151 |
Sau | 148 |
Kyr | 281 |
Hest | 335 |
Kamel | 400 |
Ville dyr | Gjennomsnittleg fostertid i dagar |
---|---|
Mus | 19 |
Rotte | 22 |
Ekorn | 36 |
Røyskatt | 42 |
Ulv | 63 |
Tiger | 107 |
Løve | 108 |
Bjørn | 210 |
Sjimpanse | 236 |
Isbjørn | 240 |
Mår | 278 |
Spermkval | 480–500 |
Elefant | 630 |
Kjelder
endre- Gustav Nærland i Norsk Allkunnebok (1953)
- Denne artikkelen bygger på «Fostertid» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2009.