Fosterfamilie
Ein fosterfamile er ein familie der foreldra og eitt eller fleire barn ikkje er biologisk eller formelt bundne til kvarandre. Vekkfostring av barn er blitt brukt i fleire samfunn gjennom tidene, ofte for å knyta band mellom ulike familiar. I dag blir fosterforeldre særleg brukt av barnevern til å ta vare på barn som dei biologiske foreldra ikkje kan ta vare på sjølv, anten for kortare eller lengre tid. Fosterheimar blir brukt som eit meir normalt alternativ til barneheim.