Fontane di Roma
Fontane di Roma (P 106) er ein orkestersuite komponert av Ottorino Respighi i 1916. Han blei urframført 11. mars 1917. Han er eit tonedikt inspirert av fontener i Roma, og blei følgd av Pini di Roma i 1916 og Feste Romane i 1928.
Sjanger | programmusikk | ||
---|---|---|---|
Utgitt | 1916 | ||
Uroppføring | 1917, 11. mars 1917 |
Etter premieren ved Teatro Augusteo i 1917, der Antonio Guarnieri dirigerte Augusteo-orkesteret, var Respighi vonbroten over den fyrste milde responsen på verket, og sette det til side. Det fekk ei ny, betre mottaking i februar 1918 etter ei framføring med dirigenten Arturo Toscanini, og gjorde komponisten internasjonalt kjend.[1] Verket blei gjeve ut av Casa Ricordi i 1918.[2]
Musikk
endreVerket har fire satsar. Fyrste satsen skildrar ein morgon ved fontena i Giuliadalen utanfor Roma med gjetargutar som går forbi med buskapen og forsvinn i morgonskodda. I andre satsen jublar tritonar og najader frå Tritonfontena i vill dans under vasstrålane. Tredje satsen skildrar Trevifontena ved middagstid. Eit syngjande tema blir avbrote plutseleg av fanfarar, og Neptun trekkjer forbi i vogna si, dregen av sjøhestar og følgd av sirener, tritonar og najader. Fjerde satsen målar ei aftanstemning ved fontena i Villa Medici. Ein roleg melodi kan høyrast over det plaskande vatnet.[3]
Satsar
endre- La fontana di Valle Giulia all'Alba
- La fontana del Tritone al mattino
- La fontana di Trevi al pomeriggio
- La fontana di Villa Medici al tramonto
Kjelder
endre- ↑ «(Program notes)» (PDF). University of Washington Symphony Orchestra. 2007. Henta 7. april 2020.
- ↑ «Fontane di Roma (Respighi, Ottorino) - IMSLP/Petrucci Music Library: Free Public Domain Sheet Music». imslp.org (på engelsk). Henta 10. oktober 2017.
- ↑ Musiklexikon. AB Kulturhistoriska Förlagen Göteborg. 1982
- Denne artikkelen bygger på «Fontane di Roma» frå Wikipedia på svensk, den 7. mai 2024.