Folkebladet (1831–1833)
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Folkebladet.
Folkebladet var eit vekeblad opposisjonspolitikaren Pierre Poumeau Flor gav ut i tidsrommet 1831–1833. Det tok hovudsakleg opp norske tilhøve og innanrikspolitikk, med nokre utanriksnyheite i første årgangen. Henrik Wergeland var medarbeidar i bladet, og fekk trykt fleire dikt og politiske artiklar der. George Frederik von Krogh var ein annan bidragsytar.
Kjelder
endre«Folkebladet – ukeblad» i Store norske leksikon, snl.no.
- Salmonsens konversationsleksikon. Anden Udgave fra runeberg.orgDenne medieartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.