Flensburger Schiffbau-Gesellschaft
tysk skipsverft
Flensburger Schiffbau-Gesellschaft (dansk Flensborg Skibsværft) er eit av dei største verfta i Tyskland og vart oppretta som aksjeselskap i 1872, nære den dansk-tyske grensa i nordlege Flensburg. Det første skipet som vart sjøsett, var stålskipet «Doris Brodersen» i 1875. Verftet har bygt meir enn 700 skip sidan den gongen. Skipsverftet er den dominerande industriaktiviteten i byen. Kring år 1900 hadde verftet lenge meir enn 2000 tilsette, som medførte ei stor innflytting sørifrå.
Flensburger Schiffbau-Gesellschaft er i dag spesialisert på å bygga moderne Ro-ro-fartøy i ei av dei største overbygde skipsbyggingshallane i verda. Hallen stod ferdig 1982 og er 275 meter lang. Verftet har i dag kring 750 tilsette.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Flensburger Schiffbau-Gesellschaft» frå Wikipedia på svensk, den 4. januar 2020.