Fier
Fier er ein by og ein kommune i regionen Fier i Albania. Kommunen ligg i den sørlege delen av landet og grensar i sør til regionen Vlorë. I vest ligg Adriahavet.
Fier | |||
---|---|---|---|
Sentralparken i Fier | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region |
Albania Fier | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 78 km² | ||
Flatevidd - By |
621 km² | ||
Innbyggjarar - By (2011) |
120 655[1] | ||
Koordinatar | 40°42′0″N 19°30′0″E / 40.70000°N 19.50000°E | ||
Høgd over havet | 20 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: http://bashkiafier.gov.al/ | |||
Plassering | |||
Fier kommune innafor regionen Fier |
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Fier vart slått saman med landkommunane Cakran, Mbrostar Ura, Libofshë, Qendër, Dërmenas, Topojë, Levan, Frakull, Portëz.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Fier.
Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen 55 845 innbyggjarar, medan dei 10 kommunane som i dag utgjer storkommunen Fier, til saman hadde 120 655 innbyggjarar.[1]
Tidlegare administrativ inndeling
endreFram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Fier.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Fier.[2]