Enver Hoxha
Enver Hoxha (fødd 16. oktober 1908 i Gjirokastër, daud 11. april 1985 i Tirana) var ein albansk kommunist og statsleiar i Albania frå 1944 til 1985.[1]
Enver Hoxha | |||
| |||
Fødd | 16. oktober 1908 Gjirokastër | ||
---|---|---|---|
Død | 11. april 1985 (76 år) | ||
Statsborgar av | Albania | ||
Parti | Det franske kommunistpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Paris Université libre de Bruxelles Université de Montpellier Institutt for marxisme-leninismen under Sentralkomiteen i Sovjetunionens kommunistiske parti Det statlege lingvistikkuniversitet i Moskva Université libre de Bruxelles Kommunistisk universitet for Østens arbeidere Albanian National Lyceum | ||
Ektefelle | Nexhmije Hoxha | ||
Barn | Ilir Hoxha | ||
Alle verv |
|
Liv og virke
endreBakgrunn
endreHoxha var fødd i det dåverande osmanske riket. Han studerte i Frankrike og Belgia frå 1930 til 1936. Han var sekretær ved det albanske konsulatet i Brussel i tida mellom 1934 og 1936,[1] og studerte samstundes juss ved universitetet der. Då han fór tilbake til Albania yrkte han som lærar, men då Italia invaderte Albania i 1941, missa Hoxha yrke sitt som lærar ettersom han nekta å melda seg inn i det nyoppretta albanske fascistpartiet. Han opna i staden for ein tobakksbutikk i den albanske hovudstaden, Tiranë.[2]
Politisk karriere
endreI 1941 var han var med på å stifta det kommunistiske partiet i Albania, og vart leiar av den kommunistiske modstandsrørsla. I 1944 vart Hoxha leiar av den albanske frigjerings-regjeringa og vart statsminister fram til 1954.[1] Under leiinga hans frigjorde Albania seg frå italiensk og tysk okkupasjon utan hjelp frå Den raude arméen. Då Den Albanske Folkerepublikk vart til i 1946, vart Hoxha utanriksminister fram til 1953; i 1954 vart han generalsekretær for det albanske kommunistpartiet.[1]
Isolering
endreI åra rett etter den andre verdskrigen hadde Albania tette band til Jugoslavia under styret til Tito, men i 1948 braut Hoxha dette sambandet og danna ein allianse med Sovjetsamveldet. Då Josef Stalin døydde, vart høvet mellom Hoxha og Nikita Khrusjtsjov berre dålegare overtid, fram til Hoxha braut sambandet heilt i 1961. Dinest knytte han sterke band med Kina, men braut også dette høvet i 1978 etter at Mao Zedong døydde og dei nye planane for Kina om å samarbeida meir med Vesten. Hermed syrgde Hoxha for å isolera Albania heilt frå omverda.[1][2]
Brutalitet og paranoia
endreStyret til Hoxha var ofte brutalt og bar preg av paranoia. Under den kalde krigen bygde Hoxha opp mot 170 000 bunkerar rundt om i Albania, av di han var redd for ein eventuell invasjon sett i gang av Hellas, Jugoslavia eller Sovjetsamveldet.[3][4] Han forbaud alle religionar og slo kategorisk ned på alle meiningar imot hans eigne.[5] Det er estimert at om lag 200 000 vart sette i arbeidsleirar, derav 6 000 forsvann.[6] Avretting av kritikarar var heller ikkje uvanleg. Landet leidd stor fattigdom og var eit av dei mest isolerte landa i verda. Han bygde også opp ein personkult kring seg sjølv og rikte Albania åleine.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Nygaard, Anders. Enver Hoxha i Den Store Danske på lex.dk. Henta 8. oktober 2023.
- ↑ 2,0 2,1 «Enver Hoxha» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 8. oktober 2023.
- ↑ Stephen Dowling. «The Cold War bunkers that cover a country» (på engelsk). BBC. Henta 8. oktober 2023.
- ↑ Jennifer Barger & Andmarta Bellingreri. «Once a state secret, these Albanian bunkers are now museums» (på engelsk). National Geographic. Henta 8. oktober 2023.
- ↑ «Hoxha, Enver» (på kroatisk). Hrvatska enciklopedija. Henta 8. oktober 2023. «Potom je posve izolirao Albaniju od svijeta, brutalno gušeći svaki oblik neslaganja s režimom. Zabranio je 1976. sve religije, te zatvorio crkve i džamije. Pod njegovom diktaturom Albanija je postala jedna od najsiromašnijih i najzatvorenijih država na svijetu.»
- ↑ Andrew Hosken & Albana Kasapi. «Albania: The country searching for hundreds of mass graves» (på engelsk). BBC. Henta 8. oktober 2023.