Eidsvoll okkupasjonsmuseum

Okkupasjonsmuseet ved Eidsvoll bygdetun ligg på Hammerstad i Eidsvoll kommune. Det er òg kjend som Eidsvoll okkupasjonsmuseum.

Eidsvoll okkupasjonsmuseum.
Foto: Harry Wad

Museet er etablert på dugnad av medlemmar i Eidsvoll Forsvarsforening, og mange av dei var aktive deltakarar i motstandskampen. Museet skal formidle korleis okkupasjonen og motstandskampen under 2. verdskrigen arta seg for sivilbefolkning og samfunn på Eidsvoll. Eidsvoll okkupasjonsmuseum vart gitt som gåve til Eidsvoll kommune i samband med 50-års-jubileet for frigjeringa som vart feira i 1995.

I tilknyting til museet ligg Eidsvoll bygdetun. Saman med Feiring jernverk utgjer desse tre Eidsvoll museum.

Bakgrunnsstoff

endre