Den nordtyske orgelskulen
Den nordtyske orgelskulen er ein stilretning innan orgelmusikken som oppstod i Nord-Tyskland på 1600-talet og som hadde si største blømingstid rundt midten av 1700-talet.
Føresetnader for stilen var på den eine sida påverknad frå Nederlanda, spesielt gjennom organisten Jan Pieterszoon Sweelinck i Amsterdam, på den andre utviklinga innom orgelbyggarkunsten, framfor alt takka vere Hans Scherer den eldre, Hans Scherer den yngre og Arp Schnitger. Senteret for stilen var ved sida av Hamburg framfor alt Lübeck, Bremen, Lüneburg og Stade, og trass namnet hadde rørsla representantar i Danmark og Sverige.
Dei mest kjende representantane for den nordtyske orgelskulen er:
- Hieronymus Praetorius (1560–1629)
- Jacob Praetorius den yngre (1586–1651)
- Heinrich Scheidemann (1596–1663)
- Franz Tunder (1614–1667)
- Matthias Weckmann (1621–1674)
- Johann Adam Reincken (1643–1722)
- Dietrich Buxtehude (1637–1707)
- Vincent Lübeck (1654–1740)
- Georg Böhm (1661–1733)
- Nicolaus Bruhns (1665–1697)
- Johann Nicolaus Hanff (1665–1711/12)