Den greske ortodokse kyrkja
(Omdirigert frå Den gresk-ortodokse kyrkja)
- Merk at omgrepet gresk-ortodoks òg er bruka som ei fellesnemning for alle austlege kyrkjer som brukar liturgien frå Bysants. Det er òg bruka som namn på det ortodokse patriarkatet i Antiokia.
Den greske ortodokse kyrkja er ei av femten sjølvstendige ortodokse kyrkjer. Ho har over 10 000 000 medlemmer. Kyrkja har vore viktig for kulturen i Hellas og har sidan 1864 vore landets statsreligion.
Kyrkja var fram til 1800-talet underlagt patriarkatet i Konstantinopel. Ho hevda seg sjølvstendig i 1833, og vart offisielt godkjend som det i 1850.
Kyrkja er leia av erkebiskopen av Aten. Kyrkja er delt inn i 81 bispedømme. 20 bispedømme i Nordhellas står formelt under den økumeniske patriarken i Konstantinopel med sete i Istanbul, men er reelt administrert frå Aten. Synoden, som er samansett av alle biskopane som er under leiinga av erkebiskopen av Aten, er øvste styresmakt i kyrkja.