Christopher Olsen Blom
Christopher Olsen Blom (10. juli 1808–2. september 1877) var ein norsk lensmann og stortingsmann fødd i Vråliosen i Vrådal i Telemark. Ole Christophersen Blom var far hans.
Christopher Olsen Blom | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. juli 1808 |
Død |
2. september 1877 (69 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Far | Ole Christophersen Blom |
Han var gardbrukar på farsgarden i Nese i Kviteseid. I 1856 tok han over som lensmann i Vrådal, ei stilling han hadde til han døydde. Noko tidlegare, 1852, vart han styremedlem i selskapet som kjøpte og dreiv dampskipet «St. Olav». Han var ein rik mann i si tid, sonen Olav øydde heile formuen gjennom mislukka skogspekulasjonar.
Blom var 3. representant frå Bratsbergs amt på Stortinget i 1854, han var medlem av næringskomite nr 1. Til dei andre stortinga mellom 1848 og 1859-60 var han frå fyrste til fjerde varamann.
Han døydde på garden sin i Kviteseid i 1877.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914