Bukkehorn
Bukkehorn er eit blåseinstrument laga av hornet til ein geitebukk. Det er kjend som eit norsk folkemusikkinstrument og var opphavleg eit gjetarinstrument brukt til å skremma og signalisera. Etter kvart fekk bukkehorn fingerhol og kunne brukast til å spela enkle melodiar.
Bukkehorn | |||
Fil:N138326 - Bockhorn - okänd tillverkare - foto Sofi Sykfont.jpg Svensk bockhorn | |||
Klassifisering | Blåseinstrument
Aerofon |
---|
Bukkehorn har to blåseteknikkar: trompetprinsippet er det vanlegaste, men også tungehorn, etter klarinettprinsippet, har vore ein del i bruk. Eit eige lag for instrumentet, Norsk Lur-og Bukkehornlag, blei skipa i 1996.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «Bukkehorn: blåseinstrument» (22. juni 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 22. mai 2014.