Breiøyre

pattedyrart

Breiøyre (Barbastella barbastellus) er ei flaggermus i glattnasefamilien. Flaggermusa lever i Europa, frå Portugal i vest til Kaukasus i aust og nord til Sør-Skandinavia, dessutan i Marokko.

Breiøyre
Breiøyre
Breiøyre
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: CR Kritisk truga[1]Utbreiinga av breiøyre
Utbreiinga av breiøyre
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Flaggermus Chiroptera
Familie: Glattnasefamilien Vespertilionidae
Slekt: Barbastella
Art: Breiøyre B. barbastellus
Vitskapleg namn
Barbastella barbastellus

Flaggermusa er ganske sjeldan i det meste av utbreiingsområdet. Ho lever helst i gammal skog, ein landskapstype som det vert mindre av. Breiøyre er difor rekna som nær truga på verdsbasis. Eit lyspunkt er at bestanden i Tyskland har vore i vekst etter reduksjon i bruk av insektmiddel der.[2] Breiøyre er ein lite mobil flaggermusart, som ikkje vandrar langt. I Noreg var det ingen funn av arten mellom 1949 og 2008. Då vart det funnen eit individ i dvale i Larvik.[3] Arten har seinare vore registrert der fleire gonger.[4] Breiøyre er rekna som kritisk truga i Noreg og sterkt truga i Sverige.[1]

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 Eldegard K, Syvertsen PO, Bjørge A, Kovacs K, Støen O-G og van der Kooij J (24. november 2021). «Pattedyr: Vurdering av bredøre Barbastella barbastellus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022. 
  2. The IUCN Red List of Threatened Species på engelsk
  3. Flåten, M. & Røed, T. (2007 (utgitt 2008)). Bredøreflaggermusa Barbastella barbastellus ikke utdødd likevel!. Fauna 60 (3-4): 142-144.
  4. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022. 

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Breiøyre