Boris Fjodorovitsj Godunov (155213. april 1605) var tsar i Russland frå 1598 til 1605.

Boris Godunov

Verkeleg namn Бори́с Фёдорович Годуно́в
Statsborgarskap Det russiske tsardømet
Fødd 12. august 1552
Vjazma
Død

23. april 1605 (52 år)
Moskva

Yrke politikar, Oprichnik
Språk russisk
Religion Den russisk-ortodokse kyrkja
Far Fyodor Godunov
Ektefelle Maria Skuratova-Belskaya
Boris Godunov på Commons

Boris Godunov var regent i Russland frå 1584 til 1598, då den ueigna Fjodor I var tsar over Russland. Då Fjodor døydde i 1598 greip Boris Godunov makta og vart utnemnd til tsar, etter han hadde fått rydda Fjodor sin bror, Dmitrij, or vegen. Han var den fyrste russiske herskaren som ikkje stamma frå den mytiske kong Rurik.

Boris vart møtt med sterk motstand frå adelen, og førte etterkvart eit hardstyre. Adelen allierte seg med kongen av Polen, dermed tok den store urotida i russisk historie til i Boris siste år ved makta. Fjodor II, son til Boris Godunov, tok over som tsar i 1605, men vart styrta kort tid etter han kom til makta.

Etterrakst

endre

Diktaren Aleksandr Pusjkin skreiv i 1825 dramaet Boris Godunov, medan Modest Musorgskij nokre tiår seinare komponerte operaen Boris Godunov.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Boris Godunov