Borgny Grande
norsk politikar
Borgny Kjølstad Grande (fødd 22. februar 1979) er ein norsk Sp-politikar, økonom og gardbrukar. Ho var ordførar i Grong kommune frå 2019 til 2023.
Borgny Grande | |||
Fødd | 22. februar 1979 (45 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
Grande har mastergrad i økonomi og ressursforvaltning frå NLH og har arbeida innan blant anna landbruksrådgiving. Ho er også gardbrukar på Tømmerås i Grong.[1]
Ho var medlem av Nord-Trøndelag fylkesting i periodane 1999–2003 og 2003–2007, det siste året som leiar i fylkestingsgruppa til Senterpartiet.
Frå 2017 til 2019 var Grande leiar av Nord-Trøndelag Bondelag.[2]
Frå 2019 til 2023 var Grande ordførar i Grong kommune.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Protokoll- Valgnemnda i Nord-Trøndelag Bondelag 2013» (PDF). Norges Bondelag. Henta 5. oktober 2023.
- ↑ «Bondelagsleder på topp for Sp». Namdalsavisa. 6. desember 2018. Arkivert frå originalen 4. september 2019. Henta 23. oktober 2019.
- ↑ «Borgny fra Tømmerås er en historisk dame». Namdalsavisa. 17. oktober 2019. Arkivert frå originalen 22. oktober 2019. Henta 23. oktober 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Borgny Grande» frå Wikipedia på bokmål, den 5. mars 2024.