Bjørnekjeks
Bjørnekjeks (Heracleum sphondylium) er ein plante i skjermplantefamilien. Han kan bli ein og ein halv meter høg og blomstrar med kvite blomar frå juni til oktober. Plantesafta av bjørnekjeks er etsande, særleg når ho blir utsett for sollys (fotosensibilisering), og kan gi kraftige utslett.[1]
Bjørnekjeks | |
Bjørnekjeks | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Skjermplanteordenen Apiales |
Familie: | Skjermplantefamilien Apiaceae |
Underfamilie: | Apioideae |
Slekt: | Bjørnekjeksslekta Heracleum |
Art: | Bjørnekjeks H. sphondylium |
Vitskapleg namn | |
Heracleum sphondylium |
Bjørnekjeks veks i Eurasia og Nord-Afrika. Plantane er vanlege i heile Noreg, der ein også finn underartane sibirbjørnekjeks (Heracleum sphondylium sibiricum) og kystbjørnekjeks (Heracleum sphondylium sphondylium).[2] Plantane er ueigna til dyrefôr, og er rekna som ugras i enger og beite.[3]
-
Særprega bladslireFoto: Frank Vincentz
-
Den hole stengelen har grove hårFoto: Frank Vincentz
-
Nedre del av ein planteFoto: Christian Fischer
-
Blomane kjem i klasarFoto: Frank Vincentz
-
Nærbilete av blomaneFoto: Frank Vincentz
Fotnotar
endre- ↑ «Bjørnekjeks kan gi kraftig hudreaksjon», helsenorge.no
- ↑ Bjørnekjeks i Artsportalen
- ↑ «Bjørnekjeks» (4. desember 2009), Store norske leksikon.
Bakgrunnsstoff
endre- Björnloka i Den virtuella floran (svensk)