Bila Tserkva
Bila Tserkva (ukrainsk Бiла Церква, polsk Biała Cerkiew, russisk Белая Церковь, tyder Kvit kyrkje) er ein by ved elva Ros i Kiev oblast (provins) sentralt i Ukraina, kring 80 km sør for hovudstaden Kiev. Byen har litt over 200 000 innbyggjarar.
Bila Tserkva | |||
by | |||
Orgelhallen i Bila Tserkva.
| |||
|
|||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Kiev oblast | ||
Rajon | Bila Tserkva bykommune | ||
Koordinatar | 49°47′56″N 30°06′55″E / 49.79889°N 30.11528°E | ||
Areal | 34 km² | ||
Folketal | 208 000 (2008) | ||
Folketettleik | 6 118 / km² | ||
Grunnlagd | 1032 | ||
• Magdeburgrettar | 1589 | ||
Borgarmeister | Vasyl Savtsjuk | ||
Postnummer | 09100-09117 | ||
Retningsnummer | +380 4563 | ||
Bila Tserkva 49°47′44″N 30°07′00″E / 49.795555555556°N 30.116666666667°E | |||
Kart som viser Bila Tserkva.
| |||
Wikimedia Commons: Bila Tserkva | |||
Nettstad: http://www.bilat_serkva.info/ |
Historie
endreByen vart grunnlagd i 1032 som Jurijev av Jaroslav den vise, som hadde førenamnet Jurij. Frå 1363 høyrte byen til Storhertugdømet Litauen og frå 1569 til Det polsk-litauiske samveldet. Byen fekk Magdeburgrettar i 1620 av Sigismund III Vasa.
Ein fredsavtale mellom Det polsk-litauiske samveldet og ukrainsk kosakkar under Bohdan Khmelnytskyj vart signert her i 1651.[1]
Frå andre halvdel av 1700-talet vart Bila Tserkva eigedomen til Branicki-familien. Franciszek Ksawery Branicki, den polske storhetmanen, bygde byresidensen sin her - eit vinterpalass mog ein landleg residens med parken Aleksandria, kalla opp etter kona. Bila Tserkva vart annektert til Det russiske imperiet som følgje av den andre delinga av Polen i 1793. I sovjettida vart Bila Tserkva eint stort industrisenter.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bila Tserkva» frå Wikipedia på engelsk, den 15. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Paul Robert Magocsi, A history of Ukraina, universitet of Toronto Press, 1996, p. 205