Bananfamilien
plantefamilie
Bananfamilien (Musaceae) er ein plantefamilie i ingefærordenen (Zingiberales). Han omfattar tre slekter, Musella, Musa og Ensete.[1] Ein kjenner til rundt 91 artar i denne familien.[2]
Bananfamilien | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av bananfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ingefærordenen Zingiberales |
Familie: | Bananfamilien Musaceae Juss., 1789 |
Plantane er urteaktige, men har store blad med bladfeste som dekkjer kvarandre og dannar ein stilk som gjer at nokre av artane verker treaktige. Fleire artar i bananslekta gjev etande bananar, og ein kan også bruka bananblad til ulike føremål. Frå nokre bananartar kan ein få tekstilfiber. Elles bruker ein òg fleire artar i familien som prydplantar.
Galleri
endre-
Ensete superbum
-
Musa acuminata
-
Musella lasiocarpa
Kjelder
endre- ↑ Wilkin, Paul; Demissew, Sebsebe; Willis, Kathy; Woldeyes, Feleke; Davis, Aaron P.; Molla, Ermias L.; Janssens, Steven; Kallow, Simon; Berhanu, Admas (2019). «Enset in Ethiopia: a poorly characterized but resilient starch staple». Annals of Botany (på engelsk) 123 (5): 747–766. PMC 6526316. PMID 30715125. doi:10.1093/aob/mcy214.
- ↑ Christenhusz, M. J. M.; Byng, J. W. (2016). «The number of known plants species in the world and its annual increase». Phytotaxa (Magnolia Press) 261 (3): 201–217. doi:10.11646/phytotaxa.261.3.1.
- Denne artikkelen bygger på «Bananfamilien» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juli 2022.
- Denne artikkelen bygger på «Musaceae» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2022.