Apollo-asteroide

ei gruppe av nærjordsasteroidar namngjeven etter 1862 Apollo, den første asteroiden i denne gruppa som vart oppdaga
(Omdirigert frå Apolloasteroide)

Apolloasteroidane er ei gruppe av nærjordsasteroidar namngjeven etter 1862 Apollo, den første asteroiden i denne gruppa som vart oppdaga. Apolloasteroidane er jord-kryssande asteroidar som har ein store halvakse større enn det jorda har. Nokre av dei kan koma svært nære jorda og utgjer ein potensiell trussel mot planeten. Rekorden for nær passering er knapt 85 000 km (2003). Asteroiden som gruppa er kalla opp etter, 1862 Apollo, vart oppdaga i 1932.

Apollo-asteroidane (i grønt). Sola er i midten og så følgjer planetane Merkur, Venus, jorda og Mars.

I 2014 kjente ein til 5766 Apollo-asteroidar. Den største av desse er 1866 Sisyphus, som har ein diameter på kring 8,5 km. Tsjeljabinsk-meteoren som eksploderte over Tsjeljabinsk i Russland den 15. februar 2013, var ein Apollo-asteroide.[1][2]

Velkjente apolloasteroidar inkluderer:

Namn År Oppdagar
2006 SU49 2006 Spacewatch
2004 XP14 2004 LINEAR
2004 AS1 2004 LINEAR
2002 TD66 2002 LINEAR
1998 KY26 1998 Spacewatch
1997 XR2 1997 LINEAR
69230 Hermes 1937 Karl Reinmuth
(53319) 1999 JM8 1999 LINEAR
(52760) 1998 ML14 1998 LINEAR
(35396) 1997 XF11 1997 Spacewatch
(29075) 1950 DA 1950 Carl A. Wirtanen
25143 Itokawa 1998 LINEAR
6489 Golevka 1991 Eleanor F. Helin
4769 Castalia 1989 Eleanor F. Helin
4660 Nereus 1982 Eleanor F. Helin
4581 Asclepius 1989 Henry E. Holt, Norman G. Thomas
4486 Mithra 1987 Eric Elst, Vladimir Shkodrov
(4197) 1982 TA 1982 Eleanor F. Helin, Eugene Shoemaker
4183 Cuno 1959 Cuno Hoffmeister
4179 Toutatis 1989 Christian Pollas
4015 Wilson-Harrington   1979 Eleanor F. Helin
3200 Phaethon 1983 Simon F. Green, John K. Davies / IRAS
2101 Adonis 1936 Eugène Joseph Delporte
2063 Bacchus 1977 Charles T. Kowal
1866 Sisyphus 1972 Paul Wild
1862 Apollo 1932 Karl Reinmuth
1685 Toro 1948 Carl A. Wirtanen
1620 Geographos 1951 Albert George Wilson, Rudolph Minkowski
1566 Icarus 1949 Walter Baade

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre