Anne Holt

norsk forfattar, advokat og politikar

Anne Holt (fødd 16. november 1958) er ein norsk forfattar og advokat fødd i Larvik. Ho var justisminister i Thorbjørn Jagland si første regjering frå 25. november 1996 til 4. februar 1997, då ho måtte gå av pga. sjukdom. Anne Holt er utdanna cand.jur. ved Universitetet i Bergen i 1986. Ho var tilsett som programsekretær i NRK 19841988 og 19901991. I perioden 19881990 var ho politifullmektig ved Oslo politikammer. Holt debuterte som forfattar i 1993. Ho var president i Rivertonklubben 20012003. To av bøkene hennar er filmatiserte, Blind gudinne og Salige er de som tørster, begge i 1997. Regissør for begge filmane var Karl Jørgen Kiønig. Boka Død joker er dramatisert for radio.

Anne Holt

Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. november 1958 (65 år)
Larvik
Yrke krimforfatter, advokat, politikar, journalist, programleiar, politifullmektig
Politisk parti Arbeidarpartiet
Sjanger detektivforteljing
Far Olav Holt
Ektefelle Tine Kjær
Anne Holt på Commons

Anne Holt er særleg kjend for dei realistiske politiromanane sine om den lesbiske politibetjenten Hanne Wilhelmsen. Ho vert rekna som ein av dei viktigaste forfattarane av feministisk kriminallitteratur i Noreg.

Utgjevingar

endre
  • Blind GudinneKriminalroman (1993)
  • Salige er de som tørster – Kriminalroman (1994)
  • Demonens død – Kriminalroman(1995)
  • Mea culpaRoman (1997)
  • Løvens gap – Kriminalroman (1997) (Saman med Berit Reiss-Andersen)
  • I hjertet av VMFotballbok (1998)
  • Død joker – Kriminalroman (1999)
  • Bernhard Pinkertons store oppdragBarnebok (1999) (Saman med illustratøren Pjotr Sapegin)
  • Uten ekko – Kriminalroman (2000) (Saman med Berit Reiss-Andersen)
  • Det som er mitt – Kriminalroman (2001)
  • Sannheten bortenfor – Kriminalroman (2003)
  • Det som aldri skjer – Kriminalroman (2004)
  • Presidentens valg – Spenningsroman (2006)
  • 1222 – Kriminalroman (2007)
  • Pengemannen – kriminalroman (2009)
  • Mai-Britt, Mars-Britt og campingvogna – barnebok (2010). Illustrert av Anne G. Holt.
  • Flimmer – kriminalroman (2010) saman med broren, Even Holt
  • Mai-Britt, Mars-Britt og mopsen Muntermor – barnebok (2011). Illustrert av Anne G. Holt.
  • Skyggedød – kriminalroman (2012)
  • Sudden death – kriminalroman (2014) saman med Even Holt
  • Offline – kriminalroman (2015)
  • I støv og aske – kriminalroman (2016)
  • Furet/værbitt – kriminalroman (2019)
  • Mandela-effekten – kriminalroman (2020)
  • Det ellevte manus – kriminalroman (2021)

Prisar

endre