Albert Abraham Michelson
Albert Abraham Michelson (19. desember 1852–9. mai 1931) var ein amerikansk fysikar fødd i dåverande Strelno i Preussen (no Strzelno i Polen)
Albert Abraham Michelson | |||
Albert Abraham Michelson | |||
Fødd | 19. desember 1852 Strzelno i Kongeriket Preussen | ||
---|---|---|---|
Død | 9. mai 1931 (78 år) Pasadena, California | ||
Nasjonalitet | Amerikansk | ||
Område | Fysikk | ||
Yrke | fysikar, offiser, universitetslærar | ||
Institusjonar | Case Western Reserve University University of Chicago Clark University | ||
Alma mater | United States Naval Academy Universitetet i Berlin | ||
Doktorgradsrettleiar | Hermann Helmholtz | ||
Doktorgradsstudentar | Robert Millikan | ||
Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1907) Copleymedaljen (1907) Royal Astronomical Societys gullmedalje (1923) | ||
Ektefelle | Margaret Hemingway, Edna Stanton | ||
Medlem | Royal Society Det sovjetiske vitskapsakademiet Kungliga Vetenskapsakademien American Academy of Arts and Sciences Det russiske vitskapsakademiet American Philosophical Society American Association for the Advancement of Science American Physical Society Det franske vitskapsakademiet Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL National Academy of Sciences Accademia delle Scienze di Torino | ||
Nobelprisen i fysikk
1907
Han vart utdanna i marinen og var instruktør ved US Naval Academy før han vart tilknytt Nautical Almanac Office til 1883. Tidleg i 1880-åra studerte han ved universiteta i Berlin, Heidelberg og Paris og vart professor i fysikk i Cleveland i Ohio i 1883, i Worcester i Massachusetts i 1890 og ved det nye Chicago University frå 1892. I 1925 slutta han som professor for å arbeide ved Mount Wilson Observatory i Pasadena. Medan han var i Berlin klarte Michelson å måle lyssnøggleiken særs nøyaktig. I 1881 fann han opp eit interferometer og nytta dette i eit forsøk der han viste at lyssnøggleiken målt i forhold til jorda var uavhengig av snøggleiken til jorda.
Han fekk i oppdrag av Den internasjonale komiteen for mål og vekt i å avgjere lengda av den internasonale meterprototypen i Paris i forhold til bølgjelengda av lys frå kadmium. I 1920 fann han ved hjelp av instrumenta sine diameteren til stjerna Betelgeuse, noko han var den første til å klare nøyaktig.
I 1907 fekk han Nobelprisen i fysikk for dei optiske presisjonsinstrumenta sine og dei meteorologiske undersøkingane som vart utført ved hjelp av desse. I 1911 vart han aresdoktor ved Universitetet i Oslo.
Prisar (utval)
endreKjelder
endre- «Albert Abraham Michelson». Store norske leksikon. 17. februar 2012.