Akademia
Akademia er ein kollektiv term for studentar og høgtutdanna folk som driv med høgare utdanning og forsking.[1]
Ordet «akademia» kjem frå engelsk og latin academia,[2] og er avleidd frå Akademiet skipa av Platon i Athen, som vart namngjete som eit senter for lærdom. Lærestaden heldt til i eller ved ein olivenlund vigd visdomsgudinna Athene med namn etter den tidlegare eigaren Akademos, ein attisk helt.[3]
Akademia har kome til å bety den kulturelle akkumulasjonen av kunnskap, det vil seie utviklinga og overføringa av denne frå generasjon til generasjon. På 1600-talet vart termen popularisert i Storbritannia og Frankrike til å skildre visse typar institusjonar for høgare utdanning.
Ein akademikar er da vanlegvis ein person som arbeider som forskar og/eller lærar ved eit universitet eller ein høgskole. Vedkomande har nesten alltid ei høgare akademisk utdanning sjølv.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Askheim, Svein; Lackner, Elisabeth Josefine (25. januar 2023). «akademia». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ «academe». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005. (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)
- ↑ Schmitz, Leonhard (1867), «Academus», i Smith, William, Dictionary of Greek and Roman Biography and Mythology 1, Boston, s. 5, arkivert frå originalen 7. september 2007, henta 24. desember 2020
- Denne artikkelen bygger på «Academia» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juni 2009.