Markgrashopper
Markgrashopper (Acrididae) er ei gruppe av rettvengene (Orthoptera) og tilhøyrer ei familiegruppe blant grashoppene.
Markgrashopper | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Rettvenger Orthoptera |
Underorden: | Caelifera |
Overfamilie: | Acridoidea |
Familie: | Markgrashopper Acrididae Macleay, 1819 |
Utsjånad
endreMarkgrashopper er små til svært store grashopper (5-120 mm) med korte antenner. Mange er grøne, men dei kan òg vera brunspragla eller meir fargerike. Hjå nokre artar er hovudet kjegleforma uttrekt, og antennene kan vera sigdforma. Medlemmene i denne familien har vanlegvis velutvikla venger. Bakbeina er kraftige hoppebein, leggane piggete. Hjå hoa har bakkroppspissen eit kraftig, butt eggleggingsrøyr.
Levevis
endreMarkgrashoppene er planteeterar, som kanskje særleg lever av gras. Hannane syng ved å gni baklåra med sida av framvengene. Dei fleste artane har velutvikla venger, men desse grashoppene er ofte ikkje i stand til å fly lange avstandar. I staden bruker dei vengene til å segla avgarde, og kan dermed forlenga eit hopp med nokon meter. Mange har sterkt farga, raude, gule eller blå bakvenger som står i kraftig kontrast til den kamuflasjefarga kroppen. Dette gjer at grashoppa «forsvinn» når ho set seg og foldar vengene saman, noko som forvirrar angriparar. Nokre artar lagar raslande eller klaprande lydar når dei flyg.
Vandrande artar
endreDei fleste av dei vandrande grashoppene blir rekna til familien tornbrystgrashopper (Catantopidae), men det finst nokre artar av Acrididae som også kan gjennomføra massevandringar. Den mest kjende av desse er europeisk vandregrashoppe (Locusta migratoria) som trass det norske namnet er utbreidd langt vidare enn Europa, frå Nord-Afrika gjennom store delar av Asia og heilt til det nordlege Australia. Arten dannar ikkje faste bestandar i Nord-Europa, men finst permanent i nokre område i sør. Han kunne tidlegare dukka opp over heile Europa, og det er registrert øydeleggande massevandringar så langt tilbake som 1347. Frå Noreg kjenner ein berre til enkeltfunn av streif-individ, sist i 1882.
Utbreiing
endreGrashoppene er utbreidde i alle verdsdelar.
Systematisk inndeling
endre- Flygende insekt (Pterygota)
- Neoptera («nyvenger»)
- Orthopteroida
- Orden rettvenger (Orthoptera)
- Underorden grashopper (Caelifera)
- Overfamilie Acridoidea
- Familie markgrashopper, (Acrididae)
- Underfamilie Acridinae
- Underfamilie Calliptaminae
- Underfamilie Copiocerinae
- Underfamilie Coptacridinae
- Underfamilie Egnatiinae
- Underfamilie Eremogryllinae
- Underfamilie Euryphyminae
- Underfamilie Eyprepocnemidinae
- Underfamilie Gomphocerinae
- Slekta Omocestus
- Grøn markgrashoppe Omocestus viridulus (Linnaeus, 1758)
- Raudgumpgrashoppe Omocestus ventralis (Zetterstedt, 1821)
- Slekta Chorthippus
- Gråbrun markgrashoppe Chorthippus brunneus (Thunberg, 1815)
- Slåttegrashoppe Chorthippus biguttulus (Linnaeus, 1758)
- Strandenggrashoppe Chorthippus albomarginatus (De Geer, 1773)
- Enggrashoppe Chorthippus parallelus (Zetterstedt, 1821)
- Myrgrashoppe Chorthippus montanus (Charpentier, 1825)
- Chorthippus dorsatus (Zetterstedt, 1821) – ikkje i Noreg, men kan kanskje dukka opp her.
- Slekta Myrmeleotettix
- Liten køllegrashoppe Myrmeleotettix maculatus (Thunberg,1815)
- Slekta Gomphocerus
- Stor køllegrashoppe Gomphocerus rufus (Linnaeus, 1758)
- Slekta Aeropedellus
- Aeropedellus variegatus (Fischer-Waldheim, 1845) – ikkje i Noreg, men kan kanskje dukka opp her.
- Slekta Omocestus
- Underfamilie Habrocnemidinae
- Underfamilie Hemiacridinae
- Underfamilie Leptysminae
- Underfamilie Mareliinae
- Underfamilie Oedipodinae
- Underfamilie Ommatolampinae
- Underfamilie Oxyinae
- Underfamilie Proctolabinae
- Underfamilie Rhytidochrominae
- Underfamilie Spathosterninae
- Underfamilie Teratodinae
- Underfamilie Tropidopolinae
- Familie markgrashopper, (Acrididae)
- Overfamilie Acridoidea
- Underorden grashopper (Caelifera)
- Orden rettvenger (Orthoptera)
- Orthopteroida
- Neoptera («nyvenger»)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Markgresshopper» frå Wikipedia på bokmål, den 7. august 2022.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Liste over artene, fra Orthoptera Species File Online
- Hansen, Lars Ove. Naturhistorisk museum (UiO) og Museumsprosjektet. Norges gresshopper (Orthoptera) og andre gresshoppe-lignende insekter. Norges gresshopper
- Ottesen, Preben. 1992. Norges Gresshopper. Norske Insekttabeller Nr: 13. Norsk entomologisk forening, 30 sider.