Øystein Djupedal
Øystein Kåre Djupedal (fødd 5. mai 1960) i Oslo er ein norsk politikar for SV. Djupedal var nestleiar i Sosialistisk Venstreparti frå 1997 til 2005, stortingsrepresentant frå 1993-2009 og kunnskapsminister frå 2005-2007.
Øystein Djupedal | |||
Øystein Djupedal Foto: Johannes Jansson/norden.org | |||
Fødd | 5. mai 1960 (64 år) Oslo | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
Yrke | politikar, embetsperson, litograf, fagforeiningsleiar | ||
Utdanna ved | Brundalen videregående skole | ||
Far | Reidar Djupedal | ||
Medlem | Europarådets parlamentarikerforsamling | ||
Verv | Fylkesmann i Aust-Agder 1. oktober 2009–31. desember 2015 | ||
Føregangar | Svein Åril | ||
Etterfylgjar | Stein A. Ytterdahl | ||
Verv | Norsk kunnskapsminister 17. oktober 2005–18. oktober 2007 | ||
Føregangar | Kristin Clemet | ||
Etterfylgjar | Bård Vegar Solhjell, Tora Aasland | ||
Verv | Stortingsrepresentant 1. oktober 1993–30. september 2009 | ||
Alle verv |
|
Utdanning og yrke
endreDjupedal tok artium ved Trondheim Katedralskole i 1979 og utdanna seg til typograf ved Brundalen videregående skole i 1981–1983. Han var lærling ved Wennbergs trykkeri AS og tok svennebrev i litografi i 1985.
Stortinget
endreHan har vore stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag sidan 1993, og sat i fire periodar på Stortinget, til han gav seg som stortingspolitikar då den fjerde stortingsperioden gjekk ut i 2009.[1]
Regjering
endreFrå 17. oktober 2005 til 18. oktober 2007 var han kunnskapsminister i regjeringa Stoltenberg II. Han og miljøvernminister Helen Bjørnøy trekte seg frå regjeringa i oktober 2007, etter intern og ekstern kritikk mot innsatsen og gjennomslagskrafta deira.
Djupedal innleidde «barnehageløftet» i den andre Stoltenberg-regjeringa, stoppa veksten i privatskular i Noreg gjennom ei tilstramming i privatskulelova. I skulepolitikken stod han derimot for ei vidareføring av det Kunnskapsløftet som forgjengaren Kristin Clemet gjennomførte, med meir fokus på resultatmåling, nasjonale prøver og individuelt tilpassa opplæring og evaluering.
Fylkesmann i Aust-Agder
endreDjupedal vart i Statsråd 19. desember 2008 utnemnd til fylkesmann i Aust-Agder for ein periode på seks år.[2] Dette var ei utnemning som vart møtt med kritikk.[3] Øystein Djupedal melde seg fyrst som søkjar ein månad etter at søknadsfristen var gått ut, etter å ha vorte beden om å søkje på stillinga av fornyingminister Heidi Grande Røys.
Familie
endreØyvind Djupedal er gift og har tre ungar. Han er son av Reidar Djupedal.
Fotnotar
endre- ↑ «Gir seg på Stortinget». Aftenposten.no. 1. mars 2008.
- ↑ «Offisielt frå statsrådet 19. desember 2008». Statsministerens kontor.
- ↑ «Tøff start for Djupedal». NRK Trøndelag. 19. desember 2008.