Østre Toten kommune

kommune i Innlandet fylke i Noreg

Østre Toten er ein kommune i Oppland i Innlandet fylke. Kommunen grensar til Vestre Toten, Gjøvik og Hurdal og Eidsvoll.

Østre Toten kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Lena
Areal 562 km²
 •  land 486 km²
 •  vatn 76 km²
Folketal 14 840  (1. januar 2024)
Målform bokmål
Ordførar Bror Helgestad (Sp)
Kommunenr. 3442
Kart
Østre Toten kommune
60°36′48″N 10°54′58″E / 60.613333333333°N 10.916111111111°E / 60.613333333333; 10.916111111111
Kart som viser Østre Toten kommune.
Kart som viser Østre Toten kommune.
Kart som viser Østre Toten kommune.
Wikimedia Commons: Østre Toten
Nettstad: www.ostre-toten.kommune.no

Folkesetnad

endre

Busettinga er temmeleg spreidd, men folk flest bur i tettstadane Skreia, Kapp, Kolbu og Lena.

Næringsvegar

endre

Østre Toten er ein av dei største jordbrukskommunane i Oppland. Dette gjev bakgrunnen for kommunevåpenet, som er ein potetplante. Østre Toten er ein av Noregs største produsentar av potet og lauk. Kims fabrikkar, som lagar potetchips, ligg på Skreia.

Utdanning

endre
  • 12 barneskular
  • 2 ungdomsskular
  • 2 vidaregåande skular
  • 1 folkehøgskule

Militære

endre

Tidlegare låg eitt av hærens kløvkompani, i tillegg til hærens vetrinærteneste på Starum leir. Denne vart nedlagd på starten av 1980-talet. FLO-Sanitet (Sanitetsmagasin Sør-Norge) ligg framleis på Starum, men er planlagd nedlagt. På dette området ligg i dag Norsk Hestesenter

Delar av Steinsjøen skytefelt ligg i Østre Toten kommune.

Kjende personar frå Østre Toten

endre

Bilete

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  1. Johan (92) overlevde helvete. oa.no. Vitja 21. juli 2020
  2. Norsk bistandsadvokat: Forventer dom mot tidligere SS-vakt (93). vg.no. Vitja 21. juli 2020