Genfersjøen
Genfersjøen eller Lémansjøen (stundom kalla Genèvesjøen på norsk) (fransk Lac Léman, le Léman eller Lac de Genève) er den nest største ferskvassinnsjøen i Sentral-Europa etter Balatonsjøen. 60 % av innsjøen ligg i Sveits (kantona Vaud, Genève og Valais), medan resten ligg i Frankrike og Haute-Savoie.
Genfersjøen | |||
innsjø | |||
Genfersjøen sett frå Montreux
| |||
Tilsig | Rhône, La Drance, L'Aubonne, La Morges, Venoge, og Veveyse | ||
---|---|---|---|
Utløp | Rhône | ||
Nedslagsfelt | 7 975 km² km² | ||
Opphaldstid | 11,4 år | ||
Høgd over havet | 372 m moh. | ||
Lengd | 73 km km | ||
Breidd | 14 km km | ||
Areal | 582 km² km² | ||
Middeldjupn | 154,4 m m | ||
Største djupn | 310 m m | ||
Volum | 89 km³ km³ | ||
Koordinatar | 46°26′N 6°33′E / 46.433°N 6.550°E | ||
Øyar | Ile de la Harpe, Ile de Peilz | ||
Byar | Montreux, Genève, Lausanne | ||
Genfersjøen 46°27′N 6°33′E / 46.45°N 6.55°E | |||
Kart som viser Genfersjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Geneva |
Innsjøen, som vart danna av isbrear under den siste istida vert smalare frå Yvoire og sørover, og innsjøen vert derfor delt inn i dei to delane Grand Lac (Stor innsjø) i aust, og Petit Lac (Liten innsjø) i vest.
Genfersjøen er ein innsjø på elva Rhône. Ho har sitt utspring ved Rhônebreen nær Grimselpasset aust for innsjøen og renn ned gjennom Valais, og ut i innsjøen mellom Villeneuve og Saint-Gingolph. Ho renn vidare frå Genfersjøen ved Genève. Andre elvar som munnar ut i Genfersjøen er La Drance, L'Aubonne, La Morges, Venoge, og Veveyse.
I 1960-åra var ikkje lenger innsjøen den viktige transport åra han hadde vore i mange hundre år. Seint på 1960-talet var innsjøen så forureina at det var farleg å bade ved enkelte strender, og turistar på tur i den lokale ubåten hadde nærast null sikt. Ubåten vart til slutt seld. I 1980-åra hadde kraftig miljøforureining (eutrofiering) tatt knekken på nesten all fisk i innsjøen. I dag er forureiningsnivået mykje lågare, og det er heilt trygt å ta seg eit bad. Innsjøen vert i dag nytta til segling, vindsurfing, båtsport (som vasski og wakeboard), roing, dykking og bading.
Kyststripa mellom Nyon og Lausanne vert kalla La Côte, og mellom Lausanne og Vevey vert ho kalla Lavaux.
Namn
Det første nedteikna namnet på innsjøen er Lacus Lemannus frå romartida, men skifta seinare namn til Lacus Lausonius, Lacus Losanetes og så Lac de Lausanne i mellomalderen. Etter at Genève utvikla seg vart innsjøen kalla Lac de Genève (Genèvesjøen), og på 1700-talet kom det som i dag er det offisielle franske namnet på innsjøen, Lac Léman. Enkelte kart kallar innsjøen Lac d'Ouchy (etter ei hamn ved Lausanne).
Ymse
- Keiserinna Elisabeth av Austerrike vart knivstukke i hjarta og drepen medan ho venta på ein båt ved innsjøen.
- Mary og Percy Shelley og Lord Byron ferierte ved innsjøen og skriv spøkelseshistoriar. Ein av desse danna grunnlaget for romanen Frankenstein.
- Popsongaren Phil Collins bur ved innsjøen.
- Mange meiner at oska til den britiske rockestjerna Freddie Mercury vart spreidd utover innsjøen.
- Songen Smoke on the Water av Deep Purple vart skriven då eit kasino i Montreux ved breidda av Genfersjøen byrja å brenne. Brannen starta under ein konsert med Frank Zappa and the Mothers of Invention, medan Deep Purple såg det heile frå andre sida av innsjøen.
Byar og tettstader
Dette er ei liste over byar og landsbyar ved Genfersjøen. Ho startar der Rhône munnar ut i aust, og med sørsida til venstre.
Sørsida | Nordsida | |
---|---|---|
Grand Lac | ||
Petit Lac |
|
|
Lenkjer ut
Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Geneva frå Engelsk Wikipedia .