Nyland
Nylands landskap | |||||
---|---|---|---|---|---|
Uudenmaan maakunta | |||||
| |||||
Len | Södra Finlands län | ||||
Historiske len | Raseborgs län Nylands län | ||||
Administrativt senter | Helsingfors | ||||
Leiar | Aimo Lempinen | ||||
Flatemål - Til saman |
Nr. 6 366 km² | ||||
Folketal - Til saman - Folketettleik |
Plassering – 1 329 004 – innb/km² | ||||
Landskapsdyr | Piggsvin | ||||
Landskapsfugl | Svarttrost | ||||
Landskapsfisk | Gjørs | ||||
Landskapsplante | Kvitveis | ||||
Landskapsstein | Hornblende |
Nyland (finsk Uusimaa) er eit landskap i Finland som høyrer til Södra Finlands län og ligg ved kysten langs Finskebukta. Det historiske Nyland frå tida då Finland var ein del av Sverige omfatgta eit større område som i dag er delt mellom Nyland, Östra Nyland og Kymmenedalen (Kymenlaakso).
Nyland, særleg kysten, har tradisjonelt vore svenskspråkleg område, men etter at Helsingfors vart hovudstad i Finland har finsk vorte majoritetsspråk i Helsingfors og byane rundt.
Flatemål er 6 366 kvadratkilometer og folketalet 1 329 004. Nyland er det landskapet i Finland med høgast folketal, og det flyttar ca. 100 000 - 200 000 menneske dit frå andre delar av Finland i året. Omtrent kvar fjerde finne bur i Nyland.
Bruttonasjonalprodukt i Nyland var i 2003 til saman 43 747 millionar euro. Næringslivet er dominert av tenesteytande næringar. Industrien er konsentrert langs Ring III, ein av ringvegane rund Helsingfors, og langs jarnvegen nordover, og langs kysten vestover er områda med mest industri. Nyland har også mykje jordbruk:
Kommunar
Nyland er delt inn i 24 kommunar, halvparten av dei har bystatus. 11 kommunar er tospråklege. Byane er markert med halvfeite typar.
- Borgnäs (Pornainen)
- Ekenäs (Tammisaari)
- Esbo (Espoo)
- Grankulla (Kauniainen)
- Hangö (Hanko)
- Helsingfors (Helsinki)
- Hyvinge (Hyvinkää)
- Högfors (Karkkila)
- Ingå (Inkoo)
- Karis (Karjaa)
- Karislojo (Karjalohja)
- Kervo (Kerava)
- Kyrkslätt (Kirkkonummi
- Lojo (Lohja)
- Mäntsälä
- Nummi-Pusula
- Nurmijärvi
- Pojo (Pohja)
- Sammatti
- Sjundeå (Siuntio)
- Träskända (Järvenpää)
- Tusby (Tuusula)
- Vanda (Vantaa)
- Vichtis (Vihti)