2013-12-31

HURRA:)

Idag gratulerer me Asle med 22 år:) Gildt å feira med pakkar og flagg!:) HURRA, HURRA, HURRA!

2013-12-29

HURRA:)

Idag gratulerer me Ragnhild med dagen. Me gled oss til å feira! HURRA, HURRA, HURRA:))

2013-12-26

Romjulsliv..

I dag kom sola ein tur, godt å gå tur i stilt og fint opphaldsvær.. 

2013-12-25

1. Juledag

No er me komt til dei gode romjulsdagane.. Eg såg lukene hadde stokka seg litt, men alle vart åpna, og jula kom dette året og:) Idag har me vore på gudsteneste på Osen- ein fin juletradisjon. Ute regnar det idag og, lurer litt på om det må bli ein tur ut allikavel..
GOD JUL VIDARE!

2013-12-20

LUKE 23

Det er kvelden før kvelden, tradisjonen med julegraut vart gjennomført denne veslejuleafta og. Ragnhild vart den heldige som fann mandelen...:) Ikveld roar me ned, og nyt at det meste er i rute til storeafta imorgon..

LUKE 24

GOD JUL!

LUKE 21

I dag er det solsnu, no går det mot lysare tider igjen.. Om få dagar er jula her, og me er ganske klar. Eit juletre skal pyntast, nokre blomar skal ordnast..berre kos rett og slett. 

LUKE 22

LUKE 20

Idag er juleferien starta, eg er heldig og får mange fridagar denne jula.
Asle og Sara er komt heim, og på søndag kjem Ragnhild og Nils Ove,
glede oss til å feire jul ilag.
                                                        Julegrana på torget på Klepp lyser fint i den mørke adventstida..
                                                        Chanti har snust seg fram til luke 23, der var ein exstra tyggi, fint for ånden, men ringt for magen.. 
Og eigaren av kalenderen fekk ei luke mindre å åpne.. 

2013-12-19

LUKE 19

Det er pepperkaketrøbbel i dagens Hildegunn-luke.. Me har ikkje baka
pepparkake dette året, men IKEA si pepparkakedeig står klar viss me får
lyst til å lage litt- ingen hemmelige oppskrifter på avveie  her i huset..


2013-12-18

LUKE 18

Denne songen var i monge år ein del av julespelet i barnehagen...


I kveld gledde me oss til handballkampen Norge-Serbia...det utenkelege
skjedde..Serbia vann...hmmm..me hadde nesten gløymt at det kunne gå an!
Men dei flotte handballjentene kjem heilt sikkert sterkt tilbake, HEIA NORGE!

2013-12-17

LUKE 17

I kveld er det stillare i heimen igjen. Ungdommane har reist kvar til sitt, for siste innspurt, før dei kjem heim til Jul. Eg har hatt ei runde med litt småhandel etter jobb, det var roleg på Jærhagen ikveld, og eg fekk gjort det som stod på lista.
I dag har eg vore med på pakkeleiken, eg var ein av dei heldige som fekk 2 gåver. Kjekt å leika seg litt og i førjulstida:)

2013-12-16

LUKE 16

Mange lys skal tennast i desse juletider, og skotten tar oss med på eit
lite kurs i "brannsikkerhet"...

2013-12-15

LUKE 15

Tenn lys!

Tre lys skal flamme for alle som må sloss.

For rettferd og for frihet. De trenger hjelp av oss.

Må ingen miste motet før alle folk er ett.

Tenn lys for dem som kjemper for frihet og for rett.

Tredje adventslyset er tent..dagane går fort no.. plutseleg er me her...:

2013-12-14

LUKE 14

Denne helga kosar me oss med å være mange rundt bordet, nesten litt juleferiestemning... Idag har Svein Atle pussa vindu for andre gong til jul. Den sterke blåsten tidlegare i desember la eit grått lag av saltvatn på nypussa vindu, sånn er det å bo 2-3 km frå havet. Eg har laga siste kakesorten til jul, sarah bernards, som er ein tradisjon her i huset. 
Fyrstikkeska er ei julegåve frå sist Jul, Anna laga den, og i enden av eska står det: til tante. 
Koseleg å ha liggande på lysfatet. 
God adventshelg til deg som besøker FAMILIELIV..
 

2013-12-13

LUKE 13

Lucia-dagen har vore markert mange stadar idag, me hadde Lucia-frokost i barnehagen. I 2012 vart denne markeringa avlyst pga eit uvanlig stort snøfall, eine bilde i dagens luke er frå 13.12.12. Det andre bilde er årets advent, det nærmar seg jul..

Det lyser i stille grender

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusende barnehender
mot himmelen ljosa held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall,
som kom og vart heimsens Frelsar 
som barn i ein vesal stall.

Der låg han med høy til pute 
og gret på si ringe seng,
men englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen
ved natt over Davids by
den evige himmelsongen, 
som alltid er ung og ny.

Tekst: Jakob Sande 1931
Melodi: Lars Søraas d.y. 1948

2013-12-12

LUKE 12

Dagens luke er visdomsprat frå Hildegunn og Leif Per...

2013-12-11

LUKE 11.12.13

Måtte ha med heile datoen idag, skulle egentlig åpna dagens luke kl 14.15..
Las i avisa om nokon som gifta seg på det tidspunktet idag, må berre huska
bryllaupsdatoen då..

Dagens bilde er frå sist Jul, kjenner det kriblar etter å kome seg på plass no..,
men enno er det nokre dagar igjen på arbeid, gled meg til Luciafeiring på
fredag. Sist desember vart det avlyst pga dei store snømengdene som kom,
dette året er det meir sommarlege temperaturar som meldest.

Julebaksten er inne i sluttfasa, og godt er det. Idag starta eg på prosjekt
bountykuler, ein tradisjon her i huset, men idag rota eg det til. Pga feil mengde sirup,
måtte eg gange opp dei andre tinga som skulle i. og no har me nok masse til å
trille kuler til ein heil landsby..det får bli imorgon. Blir litt småsure når slikt skjer!

Får heller kvila augene på julehytta vår, og drøyme om gode romjulsdagar...
Det blir bounty til kaffien dette året iallefall...


2013-12-10

LUKE 10

Her i huset er julegåvene stortsett ordna, berre litt småting igjen, pluss innpakking.
Litt inspirasjon frå pakkedamen, så er me der.

2013-12-09

LUKE 9

Idag vart det litt julesyssel etter jobb; ei julegåve og 3 etasjer med krumkaker. Oppskrifta er enkel og god å steike, no er det berre å håpe at dei fell i smak. Me har ei lita historie om krumkaker her i huset.. Eg skal ikkje ta den her, men kan avsløre at å sende krumkaker i kofferten på flyet ikkje fungerar særlig godt.. God førjulstid til deg som er innom:)

2013-12-08

LUKE 8

Tenn lys !
To lys skal skinne for kjærlighet og tro,
for dem som viser omsorg og alltid bygger bro.
Må fanger få sin frihet og flyktninger et hjem. 
Tenn lys for dem som gråter og dem som trøster dem.
 


Jula nærmar seg, og det på tide å la 
Hildegunn og Leif Per innspirere
oss til å friske opp julesongane..... 
Lytt og nyt....og lær....
 

2013-12-07

LUKE 7

Me vakna til kvitt idag.. Svein Atle har vore ute å kosta innkjørsla.. Vinden er stilna, og gradestokken vise -4, perfekt førjulsver..  

2013-12-06

LUKE 6

Lukene på FAMILIELIV har nokre tradisjonar, og denne nydelige
sangen med Bjørn Eidsvåg er ein av dei. Det blese framleis ute, greit
å parkere bilen etter jobb idag, lika ikkje køyretur i dette veret..
Det er litt uverkeleg når nyheitene fortel om hustak som har blese av, og
andre skader me er meir vane med å høyre om stadar lenger vekk.
Godt når det er materielle ting, og ikkje liv som vert skada, men for dei som
opplever det er det skremande nok. Denne helga trur eg det må gjerast opp
status på juleførebuingane, kva står igjen som må gjerast, og kva kan me
stryke av listene...? Får nyta songen medan eg tenker litt på det!
GOD ADVENTSFREDAG:)

2013-12-05

LUKE 5

I dag er eg heime igjen, kofferten er pakka ut, og eg mimrar litt om gårsdagen's gleder i Portebello.
Reiseveninnå, som er godt kjendt i London, viste meg "nye" perler:) Krydderbutikken var ei av dei, trur det kan bli spennande smakar i grytene no..
Lunchen tok me på Jamie Oliwer sin restaurant, takk til dei nygifte for det tipset. 
Idag er det blåsandes ute, det planlagde julebordet ikveld er utsett til januar. Mange har nok opplevd værre følger av været, det meldest om store ødeleggingar i fylket vårt ikveld.

2013-12-04

LUKE 4

Julepynta i matsalen på K:)

LUKE 3

Idag gjekk turen til Winstor, nydelig juleby. Afternoon-tea, kjekke butikkar..me kosa oss...heldige!!

2013-12-02

LUKE 2

Heldige meg som får åpne luke 2 i herliga London. Fint liv på K, juleshopping i godt lag, vandre i gatene og nyte julelysa ein mørk desemberkveld... Nokre glimt er med på dagens bilde...