History
-
KVAMMELOFTET
Loftet kjem frå Nedre Kvamme i Borgund i Lærdal kommune og er eitt av svært få loft i Sogn. Fyrste høgda var bygd som ei sengebu, truleg sist på 1500-talet.
Inne her finn vi vrield, merke som dei svei inn i veggene for å halda vonde makter borte.Sjølve loftet med utvendig trapp og svalgang på tre sider er påbygt seinare , truleg i 1745. Årstalet og dobbeltmonogrammet «OIK S" er skore inn over døra.
Dei trekanta gluggane i svalgangen på loft et kan vera skytegluggar, brukte for skyta ulv som søkte til gards i harde Vintrar. Svalgangsstolpane i fyrste høgda har utskorne kapitél med stilreine, gotiske ornament som gjev loftet eit staseleg preg.Ved bryllaup og andre høgtider brukte dei lofta som opphalds eller representasjonsrom, og om somrane overnatta ungdommane på garden der. Elles lagra dei klede og andre verdisaker i kister og skrin på loftet.
Flytting - Overteke og flytta til museet: 1917 (G.F.H.)
Oppføring - Etter dendrokronologiske prøvar er loftet datert til: 1591 - 1592 (Dendrokronologiske prøvar)
- Production placeSogn og Fjordane Borgund SF Nedre Kvammesikker
Classification
-
- BoligerOU 342
License information
- License Contact owner for more information
Metadata
- IdentifierDHS.563
- Part of collectionDe Heibergske Samlinger
- Owner of collectionSogn og Fjordane
- InstitutionDe Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum
- Date publishedMarch 14, 2020
- Date updatedMarch 23, 2020
- DIMU-CODE021058548121
- UUIDac585b1d-38b3-4789-937d-e51f2e6c266c
- Tags
Add a comment or suggest edits
To publish a public comment on the object, select «Leave a comment». To send an inquiry directly to the museum, select «Send an inquiry».